Fenerbahce straffa for «Putin-rop»

Tyrkiske Fenerbahce må spele sin neste kamp i ei europeisk turnering for delvis stengde tribunar som straff for at fansen kom med unisone «Putin-rop» under ein meisterliga-kvalifiseringskamp mot Dinamo Kyiv. Det er straffa UEFA har fastsett. Fansen ropa namnet på den russiske presidenten då Dinamo tok leiinga. Den tyrkiske klubben blir også bøtlagd med 50.000 euro, nær ein halv million kroner. Bakgrunnen for straffa er den russiske invasjonen og krigføringa mot Ukraina. Fenerbahce har forklart at ropa lydde i 20 sekund, og var utløyst av «overdriven feiring» av Dinamo-spelarane etter scoringa.