Assistenttrenar om Brighton: – Sannsynlegvis favoritten i heile Conference League

2 weeks ago 41



Torsdag kjem Premiere League-laget Brighton til Tromsø for ein kamp på Romssa Arena. Det er den første av to kampar for å kome inn i ligaspelet i serieligaen.

I oppkøyringa til kampane har Brighton imponert.

Dei har vunne alle sine kampar i oppkøyringa fram mot sesongstart. Seinast slo dei Bologna 1–0.

Den svenske landslagsspelaren Yasin Ayari scora to av tre mål da Brighton slo Roma 3–0 på heimebane nyleg.

Dominik Szoboszlai i Liverpool-drakt kjemper om ballen mot en Brighton-spiller på Anfield. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Den svenske Brighton-spelaren Yasin Ayari (til høgre) i ein kamp mot Liverpool i 2024.

Foto: Reuters

TIL sin assistenttrenar Marius Jacobsen såg kampen frå tribunen.

– Det er eit veldig godt lag med mykje tempo i laget. Dei er svært farlege på kontringar. Det er eit godt spelande lag, seier han.

– Men slik vi har spilt dei siste par kampane, så har vi også gode moglegheiter til å spele av presset deira. Så eg trur vi kan straffe dei når vi sjølv har banen.

– Kor sterke er dei fysisk?

– Det er som andre Premier League-lag. Det er fysiske spelarar i alle posisjonar. Dei har tempo, styrke, duellkraft. Men vi har også vist at vi har duellkraft i laget vårt på Europa-nivå. Det var gøy å sjå, mot Cluj, svarer assistenttrenaren.

Favoritten i serieligaen

Heine Åsen Larsen er TIL sin toppscorar, med åtte mål heime og tre i Europa. No ser han fram til å møte Brighton. Han ventar seg hard motstand.

– Det blir sjølvsagt veldig tøft. Det er jo eit godt lag som speler på det beste nivået i verda, og som har spelarar i topp klasse. Så det blir skikkeleg gøy, seier spissen.

– For det første er det ei gøy utfordring å prøve seg på. Og så må vi berre behandle det som kvar ein annan kamp og ikkje tenke meir over det, og ha ei innstilling om at vi skal ut der og vinne.

Tromsøs Heine Åsen Larsen etter å ha scoret mål i eliteseriekampen i fotball mellom Molde fotballklubb og Tromsø på Aker stadion.

Det er futt i beina på toppscorar Heine Åsen Larsen, som scora eitt mål mot Molde søndag.

Foto: Frederik Ringnes / NTB

Assistenttrenar Jacobsen er klar på at dette er ein motstandar det kan bli tøft å slå.

– Kor sterke må TIL vere for å slå ut Brighton?

– Veldig. Det er sannsynlegvis favoritten i heile Conference League vi møter her. Det er ei tøff trekning, men utruleg gøy å få moglegheita til å teste seg mot dei aller beste. Skal ein vinne, så må ein slå alle. Så vi gleder oss berre til det, svarer han.

TIL sin «generalprøve», bortekampen mot Molde, enda med 3–2-tap for Tromsø.

– Tørre å ta handa på rattet

Torsdag er det avspark på første kamp. Nøyaktig ei veke seinare speler TIL på engelsk jord, nærmare bestemt på Amex Stadium i den britiske badebyen Brighton.

Men som ein seier på engelsk: First things first.

Hovudtrenar Jørgen Vik meiner det er ein sterk motstandar som kjem til byen.

– Kva ventar dokker mot Brighton her på Romssa Arena på torsdag?

– Det er eit svært godt fotballag som har prestert godt over fleire år no, som har tatt ytterlegare steg med den nye trenaren sin. Eit lag med veldig gode enkeltspelarar og høgt tempo i sitt spill, både med og utan ball, analyserer Vik.

– Så det er absolutt ein svært god motstandar. Men vi gler oss.

Vik trur det skal ha nokre fordelar å vere på heimebane.

– Eg trur det ligg i å vere oss sjølv og tørre å ta handa på rattet, både med og utan ball. Det at dei skal spele på kunstgras her og mot vår spelestil, det trur eg, viss vi er ein god versjon av oss sjølv, at til og med dei skal plagast med.

Tromsø

Jørgen Vik og Jens Hjertø-Dahl etter kampen i Europaligaen i fotball mellom Tromsø og Hradec Králové på Romssa Arena tidlegare i sommar. Kampen mot Brighton går utan Hjertø-Dahl, som no spelar for Hull.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

Publisert 17.08.2026, kl. 08.09 Oppdatert 17.08.2026, kl. 08.37

Read Entire Article