Brann og kraftig røykutvikling i trehusområde i Bergen sentrum

1 week ago 19



Brannvesenet fekk melding om hendinga på Marken i Bergen klokka 06:28.

– Vi fekk inn melding om svart røyk frå kjellaretasjen av bygget. Meldinga kom frå ein som bur i bygget, seier Tore Fanebust, vaktkommandør i 110 Vest.

Fare for spreiing

Brannen er per no isolert til eit bygg, men tett trehusbebyggelse gjer at faren for spreiing er til stades.

– Men per no føler vi at vi har kontroll og klarer å stenge brannen til eitt bygg, seier vaktkommandør Fanebust.

Brannvesen kom fort fram til staden.

Store ressursar har rykka ut og er på staden. Det er berre eitt hus som er ramma og det er ikkje nokon personar skadd.

Brannvesen med kraner og blålys håndterer brann i trehusbebyggelse i Bergen sentrum

Foto: Tsion Bruk / NRK
Read Entire Article