Clooney oppfordrar Biden til å trekke seg

1 week ago 12



Etter den fyrste debatten i presidentvalkampen 27. juni, har fleire demokratar uttrykt uro for den kognitive helsa til USAs president Joe Biden.

Fleire i og utanfor partiet har bede presidenten om å trekke seg som presidentkandidat for 2024-valet.

No også George Clooney.

Det kjem fram i eit meiningsinnlegg frå Hollywood-stjerna publisert av New York Times.

Avisa har tidlegare bede om det same på leiarplass.

Clooney er ein stor bidragsytar til demokratane sine valkampanjar. I innlegget skriv han at han er ein god ven av Biden, og at han har elska han, både som senator, visepresident og president.

– Men den eine kampen han ikkje kan vinne er kampen mot tida. Ingen av oss kan det, skriv Clooney og legg til at ein ikkje kan sjå vekk ifrå det faktum at Biden er blitt for gammal til ein ny runde som president.

Clooney seier at det han skriv i kronikken ikkje berre er hans personlege meining.

– Dette meiner alle senatorar og kongressmedlemmer og guvernørar eg har hatt private samtalar med.

Den mest kjente til no

USA-kjenner Sofie Høgestøl seier at Clooney er mykje meir kjent enn dei andre som har bede Biden om å trekke seg til no.

– Og han er heller ikkje politikar. Så dette er kanskje den første store støttespelaren til partiet, som ikkje er innanfor partiet eller er ein pengegjevar, som oppfordrar Biden til å trekke seg.

Ho trur ikkje Clooney blir tunga på vektskåla for om Biden trekker seg. Men trur oppfordringa er vanskeleg for presidenten, sidan Clooney er ein langvarig ven og støttespelar.

– Kan Clooney sjølv vere ein kandidat til å bli president i USA?

– Det er mykje rart som skjer i amerikansk politikk no, seier Høgestøl og ler.

– Men det trur eg ikkje.

«Køyrer på uansett»

Tidlegare onsdag sa partiveteran og tidlegare leiar for Representantane sitt hus Nancy Pelosi (84), at det byrjar haste med ei endeleg avgjerd frå presidenten.

– Vi oppfordrar han alle til å fatte ei avgjerd, fordi tida er i ferd med å renne ut, seier ho i et intervju med MSNBC.

Pelosi understrekar samtidig at det er opp til Biden om han framleis ønskjer å stille.

– Uansett kva han vel, så køyrer vi med det, seier Pelosi.

Fleire i partiet enn dei som har stått fram med det offentleg, meiner nok at løpet er køyrt for Biden, fortel Høgestøl.

– Og at det blir vanskeleg for han å komme seg etter debatten fram mot valet i november. Og at det då kanskje er på tide å trekke fram eit anna kort. Som visepresident Kamala Harris, seier ho.

Portrettbilde av Nancy Pelosi.

Nancy Pelosi.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Men få folkevalde demokratar har altså sagt offentleg at Biden må trekke seg.

Høgestøl seier det er uvisst om Clooney har koordinert innlegget sitt i New York Times med partikollegaer av Biden.

– Vi veit at det er mange som snakkar saman no. Men om George Clooney er ein del av ein større gjeng, som prøver å påverke Bidens val offentleg, veit vi ikkje, seier Høgestøl.

Portrettbilde av Sofie Høgestøl.

USA-kjenner Sofie Høgestøl

Foto: Johanna Hauge

Biden har tida på si side

Det er under 120 dagar til presidentvalet.

Biden har tida på si side, skreiv New York Times tidlegare i dag.

– Kvar einaste veke han greier å stagnere kritikken, gjer det meir sannsynleg at han blir presidentkandidaten, seier Høgestøl.

Om Clooney og dei andre som ønskjer å bytte han ut skal lykkast, må det truleg skje før landsmøtet i midten av august, meiner Høgestøl.

– Og då er det ikkje så mange veker igjen.

Publisert 10.07.2024, kl. 20.20

Read Entire Article