Den stille stemma i stormen

4 weeks ago 23



Magnus Takvam var ein høgt respektert NRK-kommentator. Nå ser han med kritisk blikk tilbake på si eiga rolle – og på framtida for den politiske samtalen.

Då han sa takk for seg som politisk kommentator i NRK i 2022, hadde Magnus Takvam ein eineståande respekt i det politiske miljøet. Foto: Celina Øier/Kagge forlag
  • Tom Hetland

    Tom Hetland

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

Magnus Takvam:

Tett på makta

En motvillig journalists memoarer

242 sider

Kagge Forlag

 4 out of 6

«I motsetning til mange andre snakkar Magnus Takvam med folk før han kommenterer», sa ein sentral stortingspolitikar til meg ein gong.

Då han sa takk for seg som politisk kommentator i NRK i 2022, hadde Takvam ein eineståande respekt i det politiske miljøet. Han var kunnskapsrik, velorientert og rettferdig – men også nøktern og forsiktig. Det var ikkje frå Takvam ein høyrde dei mest blomstrande formuleringane eller bastante konklusjonane.

Slik sett er 72-åringen Takvam kanskje ein gammaldags journalist i ei tid der sosiale medium og den generelle mediekonkurransen fremjar dei kjappe, høglydte, ytterleggåande og kjensleladde stemmene. Mange – også Takvam - er med god grunn urolege for korleis det over tid vil påverka den politiske samtalen.

Blant bohemar og maoistar

Takvams refleksjonar om denne utviklinga og om si eiga kommentatorrolle er den mest interessante delen av memoarboka «Tett på makta». Han fortel om korleis han som barn og ungdom vart prega av ein oppvekst i kunstnarmiljøet rundt mora Marie Takvam, der bohemforfattarane Axel Jensen og Jens Bjørneboe var sentrale, og seinare av eit kort opphald i den maoistiske ml-rørsla.

Opplevingane førte til «en berøringsangst i møte med skråsikkerhet og absolutter». Han vart ein person «som dyrket rasjonalitet og kunnskap og overså de emosjonelle sidene ved politikk i mitt profesjonelle liv, som en antitese til min oppvekst». Takvam kom til å «dyrke en saklighetsnorm, som jeg først sent har forstått er å dyrke en illusjon. Men den ga meg et nødvendig holdepunkt å navigere etter».

Kanskje er det eit illevarslande teikn i tida at Takvam i tilbakeblikk nærmast unnskylder seg for å ha dyrka det saklege og kunnskapsbaserte – ikkje minst i lys av innspurten i den amerikanske valkampen. Men det kan også lesast som ei erkjenning av at politikk ikkje er nøytral vitskap, og at kjenslene alltid må vera med. Og sjølv om Takvam til slutt konkluderer med at det er umogleg for ein kommentator å vera hundre prosent objektiv, held han likevel fast ved idealet om å vera fair mot alle, og å visa fram argument og premiss tydeleg, slik at publikum kan vurdera om dei held mål. Slik er den demokratiske måten å gjera det på.

Politisk svikt

I tillegg til refleksjonane omkring kommentatorrolla går Takvam også inn på nokre av dei politiske sakene han har arbeidd mest med. Han konsentrerer seg særleg om overvaking og terror, klimasaka og den partipolitiske utviklinga, særleg problema i Arbeidarpartiet.

Desse kapitla blir til dels for oppsummerande, og gir ikkje så mykje i tillegg for ein lesar som har følgt godt med. Pikante avsløringar frå det politiske livet bak kulissane er ikkje Magnus Takvam si greie, heller ikkje rolla som kampdommar.

Likevel vågar han seg frampå med enkelte tydelege personlege synspunkt. Han slår fast at det politiske miljøet har vist sviktande leiarskap i møtet med klimatrusselen. Konkrete, kraftfulle tiltak er erstatta av ein «meningstom språklig konsensus» om alt som skal vera så grønt og berekraftig.

Han meiner også at dei tradisjonelle styringspartia har mykje av skulda for framveksten av ytterleggåande høgreparti:

«Strategien om å advare mot fascisme er ikke tilstrekkelig. (…) Det fungerer ikke å bare skremme velgerne tilbake til moderate partier så lenge de ikke leverer politiske løsninger som brede grupper i samfunnet etterlyser.»

Magnus Takvam kallar seg ein «motvillig journalist». Han innser at journalistikken alltid er mangelfull, men likevel nødvendig. Men den som maktar å sjå kritisk på sitt eige yrke, er ofte den som utfører det best. Det er Magnus Takvam eit framifrå eksempel på.

Publisert:

Publisert: 12. november 2024 21:07

Read Entire Article