Detaljen får ekspertane til å sperre opp auga: – Det skal ikkje skje

41 minutes ago 1



– Vi burde kanskje ha tatt og sjekka dei glidelåsane etter at Isak sin rauk, men det har jo ikkje vore noko problem før, så eg har ikkje tenkt så mykje over det. Jævlig irriterande var det i alle fall, seier Kristoffer Eriksen Sundal til NRK.

For først måtte ein sunderknust Isak Andreas Langmo dra skuffa heim frå Lillehammer søndag etter å ha blitt diskvalifisert på grunn av ein øydelagd glidelås på venstrearmen.

To dagar seinare fekk Sundal startnekt i svenske Falun. Kvifor? Nok ein øydelagd glidelås.

To personer i vinterklær står nær en barrierelinje, omgivelsene er snødekt. Begge har på seg luer og hansker, og det er lys fra en scene i bakgrunnen. Den ene personen viser en gest med hånden, mens den andre står ved siden av. Det er en klar kveld med mørk himmel, og folk i bakgrunnen deltar i arrangementet.

SKUFFA: Isak Andreas Langmo saman med sportssjef Jan Erik Aalbu etter disken søndag.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Ein kan vel ikkje seie noko særleg anna enn at det er juniortabbar. Enten har dei glidelåsane som er for dårleg kvalitet, eller så er det sjølve handverket som er for dårleg, for det skal jo ikkje skje.

Slik konkluderer NRKs hoppekspert Johan Remen Evensen. Han meiner at det norske laget har vore for dårleg førebudd.

– Det opplevde eg kanskje éin gong i heile karrieren min, å øydelegge ein glidelås. At det har skjedd under to av fire renn, det er rett og slett for dårleg, konstaterer Evensen.

Burde hatt kontroll

Det har vore knytt stor spenning rundt sesongstarten til det norske laget etter hoppskandalen under Trondheim-VM, der Noreg innrømte juks med utstyret.

Hoppskandalen

  • Hva er hoppskandalen?

    Under ski-VM i Trondheim i mars ble det norske støtteapparatet i hopp snikfilmet da skidresser ble sydd om.

    Norge innrømmet etter hvert juks. En stivere tråd ble sydd inn for at det skulle bli lengre hopp.

    I ettertid ble alle hopperne utestengt av FIS ut forrige sesong, også de utøverne som i dag er frikjent.

    De suspenderte landslagstrenerne Magnus Brevig og Thomas Lobben, samt skredderen Adrian Livelten, kom til enighet med Norges Skiforbund om sluttavtaler og var ferdige i jobbene sine i mai.

  • Hva er nytt?

    Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet (FIS) ønsker å suspendere hopperne Marius Lindvik og Johann André Forfang.

    Det bekrefter LOs juridiske avdeling til NRK. De har bistått Lindvik og Forfang.

    FIS ønsker tre måneder suspensjon (fratrukket tiden de har vært suspendert) og 25.000 norske kroner i bot per utøver.

    FIS ønsker også å suspendere Lobben (trenerapparatet) og Livelten (skredder) i 18 måneder. Det bekrefter advokat Sven Ivar Sandstøl.

    Hopperne Robin Pedersen, Kristoffer Eriksen Sundal og Robert Johansson er frikjent. Johansson la opp etter sesongslutt.

  • Hva skjer videre?

    Nå skal FIS sin etiske komité gjennomføre en høring med Lindvik og Forfang.

    Komiteen skal så fastsette en eventuell straff.

    Verdenscupen i skihopping starter 22. november.

Eit heilt nytt støtteapparat er på plass, og Evensen meiner at glidelås-feilen ligg hos dei.

– Eg trur ikkje vi klarer å få det vekk frå dei som har sydd dressane, rett og slett.

– Det skal ikkje skje. Og så veit ein jo at det er tilfeldig. Men eg trur nok det sit både ein skreddar og ein sportssjef som er rimeleg irritert over at dei ikkje hadde betre kontroll over akkurat det her, seier Evensen.

Sportssjef Jan Erik Aalbu meiner at dei har vore uheldige med bestillinga som er levert.

– Det vi nå gjer er å stå samla i både med- og motgang. Her er det ingen kultur for å skulde på nokon, seier han til NRK og legg til:

– Viss Evensen meiner det er dårleg handverk, så skal han få lov til det. Men det er frå same staden som vi har bestilt dressar og glidelåsar tidlegare, og vi meiner at vi har fått eit parti som ikkje har vore bra nok, forklarer Aalbu.

To personer står på en stands i et utendørs arrangement. Den ene er kledd i rød jakke, den andre har på seg en beige jakke. Begge ser mot høyre, muligens mot en pågående aktivitet. Bakgrunnen viser flere personer i vinterklær, noe som indikerer kaldt vær.

DISKUTERER: Johan Remen Evensen og Jan Erik Aalbu under verdscupopninga på Lillehammer førre helg.

Foto: Geir Olsen / NTB

– Berre tull

Aalbu får støtte av TV 2-ekspert Robert Johansson.

– Det kan vere så lett at dei har kjøpt inn ein dårleg pakke med glidelåsar. At dei har vore uheldige. Det er vanskeleg å vite at dei er dårlege før det faktisk skjer, seier han og fortset:

– Men det er jo eigentleg heller ikkje noko ein skal ryke på, så det er jo berre jævlig kjipt.

En person ikledd en blå jakke og hvit lue står med headset og mikrofon. Personen har en handske på hånden og ser fokusert ut. Bakgrunnen er uskarp, med antydninger til en sportslig setting. Det er lite synlig aktivitet eller detaljer i omgivelsene.

NY ROLLE: Robert Johansson la opp som skihoppar i mai. Nå er han ekspert for TV 2.

Foto: Geir Olsen / NTB

Sundal meiner også at landslaget har vore uheldige med innkjøpet.

– Eg trur det er den pakka som berre var for dårleg kvalitet. Eg veit ikkje. Dei er skifta nå i alle fall, understrekar han.

Aalbu understrekar at han ikkje kan garantere at Noreg ikkje vil få fleire diskvalifikasjonar, men påpeikar at dei to diskvalifikasjonane som har vore «berre er tull».

– For det er ingen fordelar med å ha ein glidelås som er defekt. For meg er det viktig at vi prøver så godt som det er, med så gode hoppdressar som mogleg innanfor regelverket, seier sportssjefen.

– Vi jobbar knallhardt for å vinne tilbake tillit og omdømme etter det som skjedde i VM. Det er noko som ikkje kan kjøpast, men gjere seg fortent til. Vi skal aldri manipulere eller bevisst gå utanfor eller over FIS’ gjeldande reglar, legg han til.

Svak start

Starten har vore trå, og etter fire renn ligg dei norske herrane som nummer seks i nasjonscupen samanlagt.

Trenar Magnus Brevig, assistenttrenar Thomas Lobben og skreddar Adrian Livelten er framleis suspenderte av Det internasjonale ski- og snøbrettforbundet. I mai blei dei tre einige med Skiforbundet om å fråtre stillingane sine.

Ekspertane er samstemte om at det har vore ei stor omvelting for Noreg, og at det kan ta tid.

– Det er kjempevanskeleg. Den kompetansen som forsvann ut med Livelten, Brevig og Lobben går nesten ikkje an å erstatte, så det er ein utakksam jobb for dei som nå har komme inn, meiner Evensen.

– Det er jo nesten full utskifting, så det er klart at det er ei omstilling. Dei merkar nok det, men dette er noko dei berre må jobbe vidare med, seier Johansson.

Han er også klar på at det som skjedde i Trondheim har kosta ein del krefter.

– Også nå gjennom sommaren og hausten. Så det er kanskje ikkje så rart at dei ikkje boblar over av overskot heilt ennå, fortel Johansson.

I helga konkurrerer hopparane i finske Ruka. Kvalifiseringa fredag blei avlyst på grunn av vindforholda, men det er venta konkurranse i stor bakke laurdag og søndag.

Publisert 02.12.2025, kl. 18.55

Read Entire Article