Dyrare egg, potet og laks: Sjekk kor mykje prisane har stige

1 week ago 16



– Pris er veldig viktig, særleg for oss med små barn. Kostnadene har gått så høgt opp det siste halvtanna året, så vi er nøydd til å finne dei varene som er litt billigare.

Det seier Manish Budathoki når NRK treffer han og dottera Eona på handletur på Coop Obs i Alnabru.

_7102446

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Dette er den tredje butikken han er innom i dag. Han er på jakt etter dei beste tilboda.

– Det løner seg å dra innom fleire butikkar, da merker ein prisforskjellen på fleire varer.

Slik har prisane stege

Maten har blitt mykje dyrare dei siste åra, og sjølv om prisveksten på mat har stansa i EU med godt under 1 prosent oppgang det siste året, fortset veksten i Noreg.

I juni var prisen for mat og alkoholfri drikke 4,9 prosent høgare enn for eitt år sidan, ifølge Statistisk sentralbyrå (sjå faktaboks over prisendringar for ei rekke varer).

_7102467

Det hjelper ikkje om ein kjøper laksen heil eller i filetar, prisen er framleis høg. Og laksen like død.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

– Det ser ut til at daglegvarekjedene har auka prisane meir til forbrukarane, enn det leverandørsida har auka til daglegvarekjedene, seier matforskar Ivar Pettersen.

Dermed tener daglegvarekjedene meir.

Ivar Pettersen, matforsker, ALO-Analyse.

Ivar Pettersen, matforskar hjå Alo-Analyse.

Foto: H. Philip Hofgaard

Pettersen legg til ei anna faktor som har påverka til prisauke.

– Vi har hatt eit kraftigare lønnsoppgjer i Noreg, enn elles i Europa.

Dyre grønsaker

I butikkane bognar innhausta grønsaker. Men prisane er stive. Løk i laus kostar no over 40 kroner kiloen. Det blir for dyrt for Budathoki.

_7102454

Nokon vil meine at det er heilt løk i hovudet at kiloprisen på lausvekt er høgare enn kiloprisen på strømpeløken.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

– Det er litt dyrt for oss, så eg pleier heller å kjøpe fem kilo løk og dele med to kompisar slik at det blir litt billigare for oss, seier Budathoki.

Prisen på nypoteter ligg på godt over 30 kroner kiloen og ein bunt gulrøter ligg rundt 35 kroner.

Det betyr at ein middag til familien med grønsaker og poteter kostar fort mange 100 kroner.

– Myndigheitene har bestemt seg for å auke tollvernet på ein del matprodukt på sikt. Dette gjeld mellom anna poteter, seier Pettersen.

Auka tollsatsar gjer at desse varene vert dyrare for folk, meiner han.

Også meieriprisane er høge. Ein pakke smør kostar nå minst 60 kroner, mens ei lettmjølk er vanskeleg å finne til under 20 kroner.

– Mjølk og mjølkeprodukt har blitt veldig mykje dyrare, merker Budathoki.

_7102328

Budathoki kjøper helst mjølk når det er på tilbod.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Billigare før

Etter ein vellykka handletur går Budathoki mot kassa. Med god hjelp frå dottera får han skannet inn alle varene og henta kvittering.

_7102386

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Han viser fram fangsten til NRK. Den består av to mjølkekartongar, to brød, ein cottageost, litt frukt, nokon bringebær, to frosenpizzaer, yoghurt og nokon hamburgarar på tilbod.

Sluttsummen på kvitteringa viser 500 kroner for 14 varer.

Og dette er sjølv med dei beste tilboda?

– Ja, dette er med dei beste tilboda. Før pleidde vi å betale cirka 300–350 kroner for same mengde varer. Så vi har merka det.

_7102399

Dei lærde stridast om det er sluttsummen eller innhaldet på kassalappen som gjeld. Dyrt blei det i alle fall. 500 kroner for 14 basisvarer.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Utover hausten trur matforskaren at prisveksten kjem til å dempe seg til 4 prosent, mellom anna på grunn av jordbruksoppgjeret.

– Det er framleis ganske høgt, avsluttar Pettersen.

Publisert 10.07.2024, kl. 21.25 Oppdatert 10.07.2024, kl. 21.39

Read Entire Article