England-profilane tok av seg sølvmedaljane – det skapar reaksjonar

2 months ago 2934



55 år er det sidan sist gong England var i ein EM-finale. No stod dei der igjen, på heimebane, og då var skuffelsen ekstra stor då nederlaget var eit faktum.

Det kunne ein sjå på spelarane, som tydeleg var misfornøgd med sølv. På prisutdelinga etter kampen, tok mange av dei engelske spelarane av seg medaljen rett etter dei fekk den tildela av UEFA-president Aleksander Ceferin.

Det galdt blant anna Marcus Rashford, Jadon Sancho, Luke Shaw, Jack Grealish, Mason Mount og Kyle Walker.

Kane og resten av spelarane var naturleg skuffa etter tapet. Dei ynskja meir, og det er nok grunnen til at medaljane blei tatt av.

Enormt konkurranseinstinkt

Alt handlar om å vinne. Ein sølvmedalje representerer eit tap i ein finale, i deira syn.

– Det har vore eit fantastisk meisterskap, men vi er fotballspelarar. Vi er store idrettsutøvarar. Vi ynskjer å vinne i alt vi gjer, så denne blir hard å svelge. Straffesparkkonkurranse er den verste måten å tape på. Det er vondt, og det kjem til å gjere vondt lenge, seier han.

Kate Kane

GOD STØTTE: Kane fann trøyst i familien etter nederlaget.

Foto: IAN KINGTON / AFP

På spørsmålet om han ser på sølvmedaljen som ein god oppnåing, eller ein tapt moglegheit, svarer han dette:

– Eg meiner heilt klart at det er ein tapt moglegheit akkurat no, seier han.

Likevel klarer spissen å sjå lyset i tunnelen. Tapet må kome litt på avstand først.

– Eg trur at når vi ser tilbake på dette om ein månads tid, så vil vi setje pris på det vi har gjort, samhaldet og kjærleiken til landet. I det store biletet har vi kome lenger enn vi har gjort på 55 år, og vi har ein ung tropp. Det skal vi byggje vidare på. Vi har alle lært av dette, og forhåpentlegvis kjem vi lenger neste år, seier Kane.

Det seier også stopparkjempa Harry Maguire. Det er ikkje enkelt å godta at ein har tapt ein finale. Ja, for det er det perspektivet spelarane har.

– Det er vanskeleg å sjå positivt på det, for augeblikket. Vi er hugbroten, vi er alle heilt knust. Gutane gav absolutt alt og tømte seg fullstendig på bana, seier Maguire til BBC Sport etter kampen.

Harry Kane og Harry Maguire

NEDBROTEN: Harry Kane og Harry Maguire på veg inn i spelartunnelen etter kampen på Wembley.

Foto: JOHN SIBLEY / AFP

– Tolkast som hovmod

Sjølv om det er lov å vere skuffa over å ha tapt ein finale, strøyma reaksjonane til etter at spelarane tok av seg medaljane sine.

VG-journalist Arilas Ould-Saada tykkjer det var ein spesiell vurdering.

– Kvifor skal ein ta av seg sølvmedaljen? Står fram for meg som eit krampaktig forsøk på å stå fram som vinnarskalle, skriv han på sin Twitter-profil.

Fotballekspert Lars Tjærnås meiner derimot at ein må godta at spelarane reagerer på den måten.

Fotballekspert Lars Tjærnås

EKSPERT: Lars Tjærnås.

Foto: C More

– Eg tolkar dette som eit utslag av augneblikket sitt vonbrot over ein tapt finale på heimebane, og ein tapt moglegheit. Det er eit signal om at forskjellen på tap og seier ikkje kunne vore større, og sjølv om nokon kanskje kan tolke det som hovmod, forstår eg vonbrotet – og at dei vil synleggjere den, seier Tjærnås til NRK.

Fansen på sosiale media tykkjer det var dårleg sportsånd.

Ein skriv:

– Det er lite respektfullt. Ver eit eksempel for yngre og vis litt audmjukskap.

Ein anna skriv:

– Det er det første engelske laget som tar medalje på 55 år. Mangel på klasse.

Rasismehets

Og mykje kommentarar har det blitt på dei sosiale plattformene. Enda verre har kritikken mot dei tre engelske spelarane som bomma på straffespark vore.

Jadon Sancho, Marcus Rashford og Bukayo Saka har måtta ta imot rasistiske meldingar etter tapet. Hetsen var så massiv, at politiet i London har oppretta sak mot meldingane, og det vil bli ei etterforsking.

No fordømmer Det engelske fotballforbundet rasistiske overgrep, og ber medieorganisasjonane ta grep.

– Medieselskap treng å stå fram og ta ansvar for å forby misbrukarar frå plattformene sine, samle bevis som kan brukast i rettsforfølging, slik at plattforma blir fri for denne type avskyeleg misbruk, sa forbundet i ei utsegn.

bMgqBZvmMnU

BYTTA INN: Marcus Rashford og Jadon Sancho på veg inn på bana, i tilfelle det gjekk til straffespark.

Foto: LAURENCE GRIFFITHS / AFP
Read Entire Article