Fanga tjuvane på video – blir henlagde på grunn av manglande bevis

6 months ago 10512



Svein Ole Apold hadde ein ATV parkert i tunet der han bur Haukeli. Då han kom heim frå arbeid på Haukelifjell skisenter i Vågslid torsdag i førre veke var den borte.

Han sjekka filmen på overvakingskameraet sitt, og der fekk han sjå to mannfolk som kom opp skråninga frå E134. Dei tok firehjulingen og trilla den frå tunet og ned på hovudvegen.

– Så kom dei med ein kvit kassebil eller ein transporter. Dei bruka sju minuttar frå eg oppdaga dei på filmen til dei reiste igjen.

Melde frå til politiet

Apold meldte tjuveriet til politiet same kvelden som han oppdaga det. I papira han fekk frå politiet står det at han ikkje kan kome med nye opplysningar før tjuveriet har fått eit saksnummer.

Han la ut videoane frå overvakingskamera på Facebook og fekk mange tips om kven gjerningsmennene kunne vere.

– Det er fleire uavhengige tips som tyder på akkurat det same, og som fører til namngjevne personar.

Og på litt over eit døgn meiner Apold at han fekk svaret på kven det kunne vere.

– Eg prøva å ringe politiet fredag med den informasjonen eg hadde. Men dei var ikkje interessert, så lenge eg ikkje hadde eit saksnummer. Dei fortalde meg også at saka truleg blei lagt vekk, fordi tjuveri av ATV stod ikkje øvst på prioriteringslista.

ATV blir stolen frå hus i Haukeli

Her trillar tjuvane vekk ein ATV som stod parkert i tunet.

Foto: Privat

La bort saka med ein gong

Måndag morgon fekk Apold SMS frå Altinn om at han kunne logge seg inn for å sjekke status på saka. Då hadde politiet oppretta saksnummer, fire dagar etter at han melde tjuveriet til politiet.

– Så eg heiv meg rundt og sende inn namn og adresser politiet burde sjekke ut. Men før eg var ferdig med den e-posten, så fekk eg ein ny SMS om at saka var lagt bort på grunn av mangel på bevis.

Apold ringde politiet igjen, og venta om lag tjue minuttar, før han kom fram til nokon i politiet. Der fekk han beskjed om at han måtte snakke med den som hadde saka.

– Så måtte eg sitte å høyre på meir ringelyd, før eg blei sett tilbake til sentralbordet.

Der fekk han beskjed om at vedkomande var på møte, og blei bedt om å ringe ein annan dag.

– Eg spurde fint om den som har saka kan ringe meg opp igjen, så eg slapp å bruke heile dagar på å ringe til politiet. Men det var ikkje aktuelt.

Apold meiner det er ei prinsippsak at tjuvar ikkje berre kan kome å forsyne seg utan at politiet bryr seg.

Felles inntak for straffesaker

Politistasjonssjef Sigrid Dahl i Midt- og Vest-Telemark politidistrikt, som Vinje er ein del av, fortel i ein e-post til NRK at dei ikkje har blitt involvert i denne saka.

Informasjon om tjuveriet av ein ATV i Haukeli har ikkje kome fram til Vinje politistasjon. Saka er lagt bort av eit Felles straffesaksinntak i politiet;

Guro Siljan, politiadvokat

Guro Siljan, politiinspektør og seksjonsleiar påtale i Telemark.

Foto: Anne Lognvik / NRK

– Då vi tok i mot meldinga vurderte vi med ein gong om vi skulle etterforske eller ikkje. Og då kom vi fram til at vi skulle legge bort saka fordi vi manglar opplysningar om gjerningsperson, seier Guro Siljan, politiinspektør og seksjonsleiar påtale i Telemark.

Ho seier det kan ta tid før saker blir registrert i politiet sitt system, men nektar for at politiet prioriterer bort vinningskriminalitet i distrikta.

– Vi må gjere harde prioriteringar kvar dag om kva for saker vi skal etterforske.

Må prioritere hardt

Siljan innrømmer at det kan vere flest tjuverisaker som blir lagt bort fordi politiet manglar opplysningar om gjerningsperson.

– Men vi prioriterer saker der same gjerningsperson gjer fleire bedrageri eller tjuveri. Og kriminalitet som gjeld store verdiar.

Siljan seier politiet har registrert opplysningane som Svein Ole Apold har sendt på e-post, men politiet har vurdert det slik at dei ikkje er konkrete nok til å bli etterforska.

Bjarne Aani Rysstad, Kommunikasjonssjef skadeforsikring Gjensidige

Bjarne Aani Rysstad er kommunikasjonssjef hos Gjensidige skadeforsikring.

Foto: Mats Stordal / Gjensidige

– Eg vil oppmode fornærma til å melde frå til oss om han får nye opplysningar, så kan vi vurdere saka på nytt.

Det er Gjensidige skadeforsikring som har forsikra Svein Ole Apold sin ATV. Informasjonssjef Bjarne Aani Rysstad skulle gjerne sett at politiet ville etterforske meir.

– Vi ønskjer jo som andre at flest mogleg saker blir etterforska til botn. Men så veit vi at det handlar om ressursar, og det er noko vi må ta til etterretning, seier Rysstad.

Read Entire Article