Fangeutveksling mellom Sverige og Iran

1 month ago 18



15. juni 2024 kl. 13:21

Sverige og Iran har blitt einige om ei fangeutveksling, ifølge arabiske medium, skriv Aftonbladet.

Det skal gjelda personar frå begge landa. Dei skal først fraktast til Omans hovudstad Muscat. Oman skal ha vore meklar i fangeutvekslinga, skriv Aftonbladet.

Hamid Noury, som er dømt til livstid, skal vera ein av personane, ifølge Reuters.

Noury er ein iransk tenestemann og vart i 2022 dømd i Stockholm tingrett for drap på politiske fangar og krigsbrotsverk i Iran.

Read Entire Article