Fekk eksperthjelp etter landslagsbråk: – Burde starta for ti år sidan
3 hours ago
2
– Det er ein prosess som på ein måte burde starta for ti år sidan, seier Vetle Sjåstad Christiansen.
Førre sesong var det fleire episodar med stor usemje i samband med uttak til verdscup og meisterskap. Og då skiskyttarlandslaget evaluerte det som hadde skjedd tidlegare i år var han blant dei som tok til orde for at dei burde søke hjelp til å lære seg betre kommunikasjon.
– Vi har jo hatt toppidrett i alle ledd, kan ein seie. Bortsett frå det her, da. Og vi vil jo vere det beste landslaget i verda på kommunikasjon og leiing òg, så det var veldig på tide, meinerSturla Holm Lægreid.
Derfor har både utøvarar, trenarar og leiarar hatt fleire møte dei siste månadene, der ein person frå eit eksternt selskap rett og slett har lært dei å snakke saman på ein betre måte.
– Eg trur i alle fall det har gått opp eit lys, i forhold til at vi alle er ulike og at vi treng ulik feedback. Nokon treng tydelegare beskjed enn andre, andre skjønar det fint sjølv, forklarer Christiansen.
– Fekk jo sjokk
I tillegg til samtalar, har dei blant anna hatt testar og lært meir om kva slags personlegdom dei ulike menneska i laget har.
– Gjennom dette, kall det kursa, så har ein skjønt at vi er ulike. Vi treng ulike ting, og vi uttrykker ting på ulike måtar. Så det er ein augeopnar for at ein kan kommunisere på ulike måtar. Og ha forståing for det, fortel Lægreid.
KLAR FOR NY SESONG: Sturla Holm Lægreid er førehandsuttatt til verdscupen i Östersund.
Foto: Hanne Skjellum / NRK
– Det er som å opne eit slagsmarkbol, så det har blitt betre. Men vi må jobbe ein del vidare. Ho frå selskapet fekk jo sjokk, kan ein seie. Eller det er vel alltid slik, og kanskje ho overdriv litt, for ein treng alltid bli betre til å kommunisere, og ingen er perfekte, legg verdscupvinnaren til.
– Vi innsåg alle at vi hadde mykje å lære når det gjaldt kommunikasjon og leiing, så det har vi fått frykteleg god hjelp til. Vi har prata godt saman, meiner Christiansen.
Landslagssjef Per Arne Botnan er einig i at heile laget har hatt utbytte av hjelpa, og at dei vil fortsette arbeidet.
– Det har skjedd ei endring. Ein merkar det på stemning og litt miljø og slike ting. Og så håpar eg at det òg får like god innverknad på dei kanskje litt meir vanskelege tinga som skal skje utover når det gjeld uttak. For det er ofte det som det blir litt diskusjon rundt, seier Botnan.
KJENNER ENDRING: Landslagssjef Per Arne Botnan trur det vil bli mindre bråk kommande sesong.
Foto: Hanne Skjellum / NRK
Christiansen ikkje klar for verdscup
Større føreseielegheit i uttak var også eit punkt utøvarane ønskte seg før den kommande OL-sesongen. Derfor utarbeidde Noregs Skiskytterforbund nye uttakskriterium.
– Vi etterlyste det jo både i fjor og i forfjor, kor vi ikkje heilt kunne fatte og begripe kvifor nokre uttak enda som dei gjorde. Vi synest jo argumentasjonen var svært svake i forhold til det som stod i daverande kriterium. Så at det er spesifisert, synest vi jo er veldig, veldig bra, fastslår Christiansen.
I år er fire menn og tre kvinner førehandsuttatte til verdscupen i Östersund. Elitelandslagsløpar Christiansen er ikkje blant dei.
– Så lenge ein veit kva som gjeld, og det også blir følgt, så er det OK.Og så blir jo konsekvensen av at eg må jo vere langt meir kynisk i forhold til kva eg da gir tilbake til forbundet når eg ikkje får noko i form av å vere på elitelaget, seier han.
– Det er forståeleg, svarer Botnan om Christiansen sitt utsegn om kynisme.
– Mykje kjensler
Christiansen er éin av seks menn som kjempar for tre verdscupplassar til Östersund når skiskyttarane sesongopnar på Geilo til helga. Heller ikkje eliteutøvar Johannes Dale-Skjevdal er førehandsuttatt.
– Som eg kjenner alle utøvarane, så er det sjølvsagt mykje kjensler rundt uttak. Men så lenge ting er veldig tydeleg, og ein har noko å forhalde seg til, så toler alle saman den harde sanninga, seier Dale-Skjevdal.
– Om ikkje det er det viktigaste rennet for meg i løpet av sesongen, så er det ikkje langt unna. Den helga blir nok kanskje ein topp to viktigaste helg, eigentleg. Topp tre, i alle fall. Med tanke på OL òg, seier han vidare og viser til eit tøft OL-uttak.
PRESS: Johannes Dale-Skjevdal må levere gode resultat på Geilo om han skal få gå første verdscuprunde i Östersund.
Foto: Anders Boine Verstad / NRK
Også på kvinnesida er det tre verdscupplassar ledige.
– Det er svart på kvitt. Om du er best så får du gå, og om ikkje så får du prøve igjen neste år, seier Juni Arnekleiv, som er blant dei med presset på seg.
Sesongopninga til skiskyttarane på Geilo ser du på NRK 15. og 16. november.