Fengsel skal alltid være siste utvei for barn

1 hour ago 2



Agder fengsel har det siste året vore gjennom store endringar, blant anna gjennom ei stor omstilling for avdelinga vår på Evje, frå vaksenfengsel til barnefengsel.

Ungdomseiningane bidreg til at barn i fengsel får sone under sikre og trygge forhold, og med eit godt soningsinnhald tilpassa barn, skriver Rolf Velle. Foto: Jacob J. Buchard

Barnefengsel, eller Ungdomseining som er Kriminalomsorgen sitt omgrep, er fengselsinstitusjonar for barn over den kriminelle lågalderen (15–17 år) med høg sikring, relativt få plassar og stor grad av voksen-tettheit.

Ungdomseiningane bidreg til at barn i fengsel får sone under sikre og trygge forhold, og med eit godt soningsinnhald tilpassa barn. Barnas-beste-vurderingar står svært sterkt i alle vurderingar ein gjer ved ei ungdomseining, og sikrar forsvarlege forhold for ungdom der fengsel er siste utveg for ein periode. Utgangspunktet er sjølvsagt at fengsel alltid skal være siste utveg for barn, noko eg trur det er stor semje om i samfunnet.

Pressa har i ulike samanhengar omtalt barna vi tar ansvar for i ungdomseiningane som «dei aller verste», «kriminelle barn», «farlege og valdelege» og «umulege å handtere».

Dette skaper eit bilete av ei ungdomsgruppe i fengsel som medfører potensiell fare og stor belastning for tilsette gjennom vald, valdsame inntrykk, frykt og redsel. Dette igjen kan gjere det krevjande for oss som arbeidsgjevar å rekruttere rett og tilstrekkeleg kompetanse inn til å arbeide med ungdommane. Ungdommar på 15, 16 eller 17 år med lite impulskontroll, mykje frustrasjon og sinne og mangel på måtar å uttrykke frustrasjon på, gir sjølvsagt utfordringar.

På innsiden av Norges største ungdoms­fengsel

Den faglege utfordringa blir då å møte ungdomen på rett måte, med rette tiltak levert av trygge vaksne. Vi klarer å legge til rette for læring og åtferdsendring under gode rammer for ungdommen, og opplever at mange ungdommar er mottakelege for dette. Vi har per i dag klart å byggje opp ei god stamme med 40 godt kvalifiserte fagfolk som arbeider tett med dei 4 ungdomane vi no har plass til på Evje.

Det faglege miljøet er unikt på Sørlandet, og gir gode rammer for oppdraget vi er sett til. Hos oss er uniformane ein forbinder med fengsel borte, og fengselsbetjentar arbeider skulder ved skulder med barnevernspedagogar, sosionomar, pedagogar, vernepleiarar, sjukepleiarar og andre utdanningsgrupper, for å gi ungdomane noko mange av dei har hatt for lite av hittil i livet: God omsorg og trygge rammer for modning.

Foto: Jon Berntsen Kåsa

Rolf Velle

Fengselsleder Agder fengsel

Vi arbeider tett saman med tenester frå sjukehus, kommunehelseteneste, vidaregåande skule og BUFETAT for å gi eit tilpassa tilbod til den einskilde under opphaldet hos oss. Så tverrfagleg fokus er svært sentralt. Vi har mange uønskte hendingar og situasjonar som er krevjande å stå i både for tilsette og ungdomane, men vi har også svært mange gode opplevingar med kvar enkelt av dei rundt 20 ungdomane som har vore innom Evje det siste halve året. Så biletet er ganske meir nyansert enn det som kjem fram i media.

Vi må tåle å stå i verbal utagering, vi må vere førebudde på fysiske angrep og impulshandlingar og vi har stort fokus på å gi dei tilsette ei så god fagleg og fagpersonleg oppfølging at ein faktisk kan stå i dette over tid og ha gode arbeidsdagar. Å arbeide i fengsel er ikkje for alle, men for dei rette personane fins det ikkje meir spanande faglege utfordringar enn det vi i dag finn ved Evje Ungdomseining.

«Våre» 4 ungdommar har plass i ei fellesskapsavdeling som gir høve til eit normalt kvardagsliv med skulegang, fritidsaktivitetar, fellesskap og sosiale aktivitetar og gode høve for positive opplevingar. Når kapasiteten vår på Evje frå neste år aukar til 11 ungdomar, fordeler vi desse på tre fellesskapsavdelingar der kvar ungdom får det same gode tilbodet innanfor trygge rammer, tilpassa den einskilde.

Evje Fengsel; kan vi tru på at det varer nå?

Åpen

Dyktige vaksne er alltid i overtal, noko som gjer det mogleg å arbeide trygt og sikkert og å lykkast fagleg. Vi veit at Evje Ungdomseining blir den best tilrettelagte ungdomseininga i landet, og vi veit at vi vil klare å få til god miljøpåverknad på mange av dei ungdomane som blir plasserte hos oss over kortare eller lengre tid. Dei aller fleste som er innom ei ungdomseining responderer bra på god fagleg og menneskeleg oppfølging i ungdomseiningane, trass inntrykka ein kan få gjennom media. Nokre få responderer dårleg både her og andre stader i samfunnet, men er heldigvis i mindretal i den gruppa som må sone i fengsel.

Fengsel og friomsorg er truleg ikkje dei arbeidsområda flest unge er opptekne av, og det trur eg handlar om manglande kunnskap om det spanande innhaldet i stillingane vi tilbyr. Eg trur mange vil kunne finne høg motivasjon og store faglege utfordringar i endringsarbeid i møte med innsette, blant anna i ungdomseiningar.

Ungdomsfengsel og vaksenfengsel er trygge arbeidsplassar med godt fagleg fokus, svært godt arbeidsmiljø og etterkvart ei løn til å leve av.

Read Entire Article