Fredrik (14) set konfirmasjonsgåva i fond: Nå gjer fleire det same

5 hours ago 2



– Nokon eg kjenner brukte opp alle pengane ganske kjapt. Så eg skal prøve å ikkje gjere same tabben.

Fredrik Sypula Nordlie (14) har nettopp vore på konfirmasjonskurs i Glemmen kyrkje i Fredrikstad.

Han skal konfirmerast i september. Pengegåva har han allereie ein plan for.

– Eg trur eg kjem til å bruke ein del på hobbyen min.

Nordlie driv nemleg med kampsport, og reiser rundt for å konkurrere.

– Eg konkurrerer blant anna i England, så det er gøy.

Resten av pengane ønsker konfirmanten å spare til utdanning.

– Eg trur kanskje eg skal sette dei inn i fond, så ikkje alt blir borte med ein gong.

Konfirmasjonskurs i Glemmen kirke. En dame i svart antrekk står foran en gjeng ungdommer og holder kurs. Ved siden av henne er en hvit kiste. I bakgrunnen er det et kirkemaleri.

Konfirmantane i Glemmen kyrkje går jamleg på kurs i løpet av konfirmasjonsåret. Dagens tema var sorg og død.

Foto: Frid Hildridatter Brox / NRK

Sparetipset til eksperten

Elisabeth Landsverk, privatøkonom i SpareBank 1 Austlandet, er einig med Nordlie i at fond er ei smart løysing.

Ho understrekar at val av sparemåte har mykje å seie for resultatet.

Og forklarer at aksjefond er det beste valet dersom du skal spare over så lang tid som 10–20 år.

Elisabeth Landsverk står foran en teglvegg. Hun har på seg en blå olakjole. Hun smiler til kameraet.

Elisabeth Landsverk er privatøkonom i SpareBank 1 Austlandet.

Foto: SpareBank 1 Østlandet

– Set du 20.000 kroner i fond, kan beløpet ha vakse til nær 40.000 kroner etter 10 år, seier privatøkonomen.

Pengar plassert i aksjefond kan historisk sett doble seg i verdi omtrent kvart ellevte år.

Ivrige på bustadsparing

Dette verkar det som dagens konfirmantar har fått med seg. Det viser ei ny undersøking frå SpareBank 1 Austlandet.

Der kjem det fram at nesten 40 prosent av konfirmantane sparer pengegåvene til bustad. Samtidig vel éin av fire å investere i fond eller aksjar.

– Konfirmasjonspengar er ofte den første ordentleg store summen ungdommar får, og da er det heilt fantastisk at så mange prioriterer langsiktig sparing, seier Landsverk.

Mange ulike pengesedler som ligger strødd utover.

Nesten 40 prosent av konfirmantane sparer pengegåvene til bustad.

Foto: Adobe Stock

Ifølge henne er det unge kvinner som er aller ivrigast på å spare konfirmasjonspengar til bustad.

45 prosent svarer nemleg at dei har sett av pengane til eigenkapital, mens rundt 30 prosent av gutane svarer det same.

Gutane får mest pengar

Undersøkinga viser også at gutar får nesten 5000 kroner meir enn jenter i pengegåve:

  • Gutar: 30.868 kroner
  • Jenter: 25.954 kroner

Landsverk meiner at forklaringa på dette truleg kan vere bunaden.

– Det er ei fantastisk gåve og eit plagg for livet, men det gjer også at mange jenter startar vaksenlivet med mindre pengar på konto enn gutane, seier ho.

Bilder fra to butikker i Stavanger knytt til sak om bunad i varmt vær

Elisabeth Landsverk meiner bunaden kan vere ei årsak til at gutar i gjennomsnitt får meir pengar enn jenter i konfirmasjonsgåve.

Foto: Eva By / NRK

Samtidig understrekar ho at jentene ofte er flinkare til å tenke framover.

– Dei kan klare å jamne ut forskjellen i beløp, sjølv om dei startar med mindre enn gutane.

  • Ein jente som smiler til kameraet (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Frid Hildridatter Brox / NRK

    Milla-Sofi Larsen

    – Eg har veldig lyst til å bruke pengane på mopedbil. Det er noko eg skikkeleg ønsker meg. Eg trur eg kjem til å bruke den veldig mykje.

  • Ein mann i raud skjorte (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Frid Hildridatter Brox / NRK

    Lars Håkon Klipper

    – Eg har lyst til å spare pengane til lappen. Eg har tenkt å ta den med ein gong eg kan.

  • ein person som står føre et tre (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Frid Hildridatter Brox / NRK

    Elias Bringa

    – Eg ønsker å bruke pengane på basketkarrieren min. Jeg skal kjøpe nye sko og drakt, og så vil eg spare resten.

  • ein person med langt hår (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Frid Hildridatter Brox / NRK

    Ulrikke Bjerkli Skedsmo

    – Eg kjem til å spare pengane. Eg vet ikkje heilt kva eg har lyst til å bruke dei på enda, så da føler eg det blir dumt å sløse dei bort på noko eg ikkje eigentleg treng.

  • Ein person som står utanfor (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Frid Hildridatter Brox / NRK

    Joakim Bringa

    – Eg ønsker kanskje å kjøpe nokon klede og spare resten. Kanskje noko Polo og Tommy Hilfiger.

  • ein person som smiler til kameraet (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Frid Hildridatter Brox / NRK

    Emilie Kristine Sønsteby Johansen

    – Eg har litt lyst på mopedbil, men eg har ikkje bestemt meg heilt enda.

  • Ein gut som smiler til kameraet (Bildebeskrivelsen er laget av ein KI-teneste)

    Frid Hildridatter Brox / NRK

    Phillip Wergeland

    – Eg tenker kanskje å kjøpe båt, men viss ikkje det blir det så tenker eg å spare.

Lettare å miste oversikta

– Det er litt annleis nå enn før.

Jenny Lund er økonomibloggar og står bak Pengeboka, ei handbok i økonomi skrive spesielt for ungdom.

Ho forklarer at det var lettare å ha oversikt over pengane da vi brukte meir kontantar.

Jenny Lund er økonomiblogger. Hun sitter i en grå sofa og smiler til kamera. Hun har på seg en genser med mønster og en svart cardigan.

Jenny Lund er økonomibloggar og står bak Pengeboka, ei handbok i økonomi skrive spesielt for ungdom.

Foto: Johan B. Sættem

I dag er det derimot vanleg å få konfirmasjonsgåva på Vipps.

– Utan ein plan er det fort at pengane blir brukte litt her og der.

– Så har ein ikkje fått gjort det ein eigentleg hadde lyst til med dei.

Viktig å gjere litt feil

Økonomibloggaren meiner det ikkje går an å gi eit fasitsvar på kva konfirmantane bør bruke pengane på.

– Ønsker ein seg ein moped, noko å pynte rommet med eller litt nye klede – kvifor ikkje?

– Har ein tenkt litt på det, så er det fint.

En rosa sparegris som er knust. Mynter kommer ut av den knuste grisen

Økonomibloggar Jenny Lund meiner det ikkje finst nokon fasit for kva ein bør bruke pengane på.

Foto: Christer Aasheim / NRK

Ho oppfordrar samtidig foreldre til å la konfirmantane gjere litt eigne feil mens dei ennå er unge.

– Om ein ser på heile livsløpet, vil ein mest sannsynleg ha mykje meir pengar til rådvelde når ein begynner å jobbe.

– Det å gjere litt feil når ein er ung, er også fint. Ein lærer jo av dei feila ein gjer.

En guttegjeng på fem personer står utenfor hovedinngangen til en kirke. De holder rundt hverandre og smiler til kameraet. Guttene er 14 og 15 år (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Gutegjengen er ferdig med dagens konfirmantkurs.

Foto: Frid Hildridatter Brox / NRK

Tilbake i Glemmen kyrkje er Fredrik Sypula Nordlie og kompisane på veg heim etter dagens kurs.

Nordlie ser fram til konfirmasjonen, men innrømmer at det ikkje berre er frivillig.

– Eg blir tvinga, og så gjer eg det litt for pengane òg.

Publisert 24.05.2026, kl. 09.47

Read Entire Article