Hedegart vann tidelsdrama: – For ein thriller!

10 hours ago 5



– For ein thriller det blei mellom dei to! seier Fredrik Aukland.

Det blei ein tett kamp på herranes 10 kilometer fristil i Granåsen i Trondheim.

Andreas Fjorden Ree gjekk over målstreken i Granåsen 0,4 sekund bak Einar Hedegart.

– Det er eit stort løp av Einar Hedegart, sa Fredrik Aukland i det Einar Hedegart gjekk over målstreken søndag.

– Det er berre å gje denne mannen ein OL-billett, sa Aukland.

Skiskyttaren vann sitt fyrste verdscuprenn.

– Sist ein skiskyttar vann eit verdscuprenn i langrenn er i 2009, sa Jann Post.

En langrennsløper i rød drakt med startnummer 85 står på ski i snøen, mens han bruker staver. I bakgrunnen er andre utøvere synlige, også iført langrennsutstyr. Omgivelsene omfatter snødekte løyper og trær i bakgrunnen. Lyset er klart, noe som indikerer en solfylt dag. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Andreas Fjorden Ree var 0,4 sekund bak Hedegart i mål.

Foto: Geir Olsen / NTB

«Thriller»

– Premien her kan vere ein OL-plass! sa Jann Post.

– Det er eit av dei beste skøyteløpa eg har gått i mitt liv, seier Emil Iversen.

– Dette kjem til å bli ein thriller, sa Jann Post i det Harald Østberg Amundsen tok leiinga knappe sekundet framfor Einar Hedegart etter to kilometer.

– Det er ein klar leiing, sa Jann Post i det Einar Hedegart tok leiinga etter to kilometer.

Emil Iversen låg bak

– Emil Iversen er i form, det er det ingen tvil om, seier Fredrik Aukland.

En langrennsløper i drakt med nummer 25 konkurrerer i skisporet. Bakgrunnen viser tilskuere som heier fra avsperret område. Løperen har en intens konsentrasjon mens han påskyndes mot mål. Snø og trær er synlige i omgivelsene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

I FORM: Emil Iversen

Foto: Geir Olsen / NTB

Kamp om OL-plassane

– Eg er spent. Det ein viktig dag, det er det, sa Andreas Fjorden Ree før rennet.

– I dag er det verdscup på det eg kan nesten kalle heimebane, mange ser på, det gjeld å prestere i dag, sa Einar Hedegart.

For fleire av dei norske utøvarane, gjaldt det å prestere for å kunne bli vurdert til å bli tatt ut til OL på nyåret.

Det var ikkje berre dei norske løparane, som tenkte på OL då dei gjekk. Fleire av dei fyrste startande var utøvarar som vanlegvis ikkje får gå verdscup. Dei fekk gå i Granåsen, for å prøve å kvalifisere seg til OL.

– Her ser me utøvarar som prøvar å kvalifisere seg til OL, sa Jann Post om filippinaren som måtte flytte seg for dei raskare løparane.

Lars Heggen var fyrste norske startande, og hamna bak løparane som ikkje normalt går verdscup.

I mål fekk han sjå videoen av utøvaren som starta sju plassar før han.

– Uffda. Det blir verre ... Det var nære ... Å, fy!
– Kva tenker du om den situasjonen?
– Nei, altså det der er jo det verste staden å dette i løypa. det er kanskje der man har høgast fart. Der og i svingen rett der borte er kanskje de to verste stadene å falle. Så eg er glad eg ikkje datt der.

Publisert 07.12.2025, kl. 12.59

Read Entire Article