Her finn NRK laks med sår i ein norsk butikk

2 hours ago 1



Laksen som NRK finn i ein frysedisk i Bergen skulle vere av «premium kvalitet», men i staden for frisk fisk, har laksen djupe mørke sår i skinnet sitt.

For å sikre kvaliteten og omdømmet til laksen, er det ulovleg å eksportere fisk med sår og skader. Det er heller ikkje lov å selje fisken til menneskemat i Noreg.

Dei siste vekene har NRK avslørt at slik laks likevel blir smugla ut av landet.

No finn vi også laksen i norske frysediskar. Nær 1000 kilo var på veg ut i marknaden.

Holdbart i Åsane i Bergen sin inngang

Laksen vart funne hos Holdbart sin butikk i Åsane i Bergen.

Foto: Anette Berentsen / NRK

Mattilsynet har sett bilete av oppdrettslaksen, og er tydelege på at å selje slik laks er i strid med regelverket.

Vi syns det er beklageleg at slik fisk ender opp i frysediskane i norske daglegvarebutikkar, seier seniorinspektør i Mattilsynet, Gunn Teigene.

Blitt tatt tidlegare

Produsenten av fisken, Salten Salmon, seier «det har skjedd feil i kvalitetssorteringa».

– Filetane skulle vore sortert til ei produksjonslinje der skinnet blir fjerna, seier administrerande direktør i Salten Aqua, Jarle Solemdal.

Salten Salmon har tidlegare blitt kopla til brot på regelverket. I 2023 varsla israelske styresmakter om at laksefiletar med sår var blitt eksportert til landet.

Kvar sjette oppdrettslaks har sår

I fjor hadde 17 prosent av norsk oppdrettslaks sår og skader.

Manetangrep, bakteriar og fjerning av lakselus har sett sine spor på laksen. Problema varierer i omfang frå år til år, og frå årstid til årstid.

Våren 2024 var andelen laks med sår og skader nær 40 prosent.

En gul laksemerd ligger på vannet, inni hopper laks

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Ved ein europeisk fabrikk fann NRK Brennpunkt ulovleg eksportert sårfisk frå fem ulike fabrikkar, både små og store aktørar.

Økokrim meiner smugling av slik laks kan skje i stort omfang. Tolletaten meiner det i verste fall er organisert kriminalitet.

Rykka ut mot ulovleg eksport

I etterkant av Brennpunkt-dokumentaren rykka Salten Salmon ut med ei melding på si eiga heimeside:

«Norsk vidareforedling har alt å tene på at ein tar tak i aktørar som ikkje følgjer regelverket», skreiv Jarle Solemdal, administrerande direktør i Salten Aqua.

Dei meiner likevel ikkje at dei no er tatt med buksene nede.

– Vi har stor eigeninteresse i at all fisk i Noreg blir retta for feil. Dette er eksistensgrunnlaget til fabrikken vår med over 100 tilsette, seier Solemdal til NRK.

Laksen på bileta vart funnen i oktober i frysedisken til butikkjeda Holdbart i Åsane i Bergen.

Den vart frosen inn for to år sidan, i november 2023.

Bildet viser flere vakuumpakkede laksefileter liggende i en fryseboks. Filetene har en tydelig rosa farge med en mørk grå overflate. Omgivelsene er preget av is og frost, noe som indikerer at de er oppbevart fryst. Det er ingen synlige personer i bildet.

Laksen var to år gamal.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

Salten Salmon seier at dei sidan 2023 har investert i automatisk utstyr «som sorterer ut laks med sår med større sikkerheit» Dei skriv at dei derfor har betre rutinar i dag.

Mangla utløpsdato – var fire veker frå å vere utgått på dato

Butikkjeda Holdbart seier dei fjerna fisken med ein gong NRK tok kontakt.

– Vi kjente ikkje til at det er forbode å selje slik fisk, seier Thor Johansen i Holdbart.

Holdbart er ei butikkjede i vekst, den har spesialisert seg på å selje partivarer til lav pris.

Dei nær to år gamle frosne filetane var berre fire veker frå å vere gått ut på dato. Likevel hadde ikkje Holdbart merka fisken med utløpsdato.

Etikett uten datostempling på laks hos Holdbart

Etiketten til Holdbart mangla datomerking, det er i strid med regelverket.

Foto: Oskar Rennedal / NRK

– Vi skjerpar rutinen på det også. Kunden skal alltid ha dato på sitt produkt, svarar Thor Johansen i Holdbart AS.

Laks med sår er ikkje nødvendigvis farleg å ete, seier Mattilsynet, men slik fisk skal uansett ikkje seljast til forbrukar.

– Såra gir auka risiko for at forbrukarane opplev dårleg vare, noko som kan svekke tilliten til norsk sjømat, seier Mattilsynet.

Dei understrekar at all mat skal ha datomerking.

Totalt 1000 kilo

Fisken var seld via sjømatselskapet Seafood Brands til sjømatgrossisten Domstein.

Både Seafood Brands og Domstein seier dei ikkje hadde grunn til å tru at fisken var av anna enn god kvalitet, slik som oppgitt.

Domstein tar likevel sjølvkritikk på at dei burde undersøkt partiet nærmare før det gjekk vidare til Holdbart.

Selskapet seier dei kjøpte to pallar med laksefilet. Dei har gått gjennom innhaldet i pallane i ettertid. Totalt om lag 1000 kilo laksefilet.

Dei stadfestar at det var gjennomgåande med sår og feil på filetane. Laksen er trekt frå marknaden.

Mattilsynet seier til NRK at dei vil følgje opp saka med Holdbart og Salten Salmon.

Hei!

Har du tips eller innspill til oss? Ta gjerne kontakt!

Journalister: Tor Arne Vikingstad, Kjersti Knudssøn, Asgeir Heimdal Reksnes, Magnus Ekeli Mullis og Astri Thunold. 

Publisert 02.12.2025, kl. 20.28

Read Entire Article