Innførte forbod mot 30.000 gamle omnar – no snur kommunen

1 week ago 9



Over heile landet har skyhøge elektrisitetsprisar auka etterspurnaden etter vedfyring kraftig. Folk vil avlasta straumrekninga.

Men det har ikkje vore like lett for alle i Bergen.

Sidan 2021 har det nemleg vore forbod mot å bruka gamle omnar og peisar fordi sentrale delar av byen til tider har helsefarleg luftkvalitet.

Berre nye, reintbrennande omnar er lov.

Men no gjer politikarane i Bergen heilomvending.

På grunn av straumkrise blir det mykje omtalte forbodet føreslått fjerna.

– Situasjonen med energikrise og utgifter til straum gjer at byrådet meiner at eit forbod skal vera svært godt grunngjeve og nødvendig. I tillegg har kommunen avgrensa med tvangsmiddel overfor dei som ikkje respekterer forbodet, skriv byrådet i sitt forslag.

Thor Haakon Bakke (MDG)

AUKA UTSLEPP: Miljø- og klimabyråd Thor Haakon Bakke (MDG) vil opna for å tillata meir forureining frå vedfyrande bergensarar.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Dagbladet omtalte dette forslaget først.

Giftlokket

I tørre, kalde periodar utan vind blir forureining «stengt inne» nede langs bakken i Bergensdalen like sør for bysentrum.

På fagspråket heiter dette inversjon.

På folkemunne blir det kalla «giftlokket». Eit uttrykk Bergen var kjend for i heile landet i fleire år.

Under slike forhold har vedfyring bidratt sterkt til at menneske med astma eller andre luftvegsplager har blitt åtvara mot å bevega seg utandørs.

Så langt har det gått at barnehagar har måtta halda ungane inne.

Brannvesenet anslo i 2020 at det var opp mot 30.000 gamle, forureinande eldstader i Bergen.

I 2017 kom ei panteordning på plass. Folk i byen får eit tilskot på 5000 kroner dersom dei bytter ut ein gammal omn med ein ny, reintbrennande omn.

Huspiperøyk i motlys

SVEVESTØV: Forbodet mot vedfyring i gamle peisar og omnar kan bli oppheva i Bergen, fordi elektrisitet er blitt så dyrt.

Foto: NRK

.

– Lufta er god no

Byråd for klima, miljø og samferdsel, Thor Haakon Bakke (MDG), meiner dagens energikrisesituasjon gjer at forbodet bør vekk.

– Dessutan har panteordninga og forbodet fungert godt og mange har gått over til reintbrennande omnar. Bergen har no noko av den beste luftkvaliteten blant europeiske byar, seier han basert på ein EU-rapport.

Bakke viser også til ein fersk rapport frå Norsk institutt for luftforskning. Ifølge byrådet er luftforureininga i byen no så låg at det inngripande fyringsforbodet ikkje lenger kan rettferdiggjerast.

Han meiner likevel ikkje at bergenslufta er «friskmeld».

– I tørre periodar med sterk kulde og lite vind kan lufta i Bergensdalen bli akutt dårleg. Då vil me framleis kunna bruka tiltak som datokøyring og vasking av vegar.

Sjølv om dei vil fjerna forbodet, er målet til byrådet framleis å få ned talet på gamle omnar.

Vedfyring

LITE ENERGIEFFEKTIV: Gamle omnar og peisar gir mykje svevestøv og lite energi samanlikna med nye, reintbrennande omnar.

Foto: Erlend Aas, Aas, Erlend

Møter motstand

Forbodet har fått ny merksemd under straumkrisa. Thomas Flesland (Sp) er ein av dei som meiner forbodet ikkje passar inn i 2022.

– Det vil vera dumt dersom folk må gå inn i denne vinteren utan å kunna bruka eldstaden sin, sa han i bystyret denne veka.

Dagen før bystyremøtet signaliserte byrådet at dei vil fjerna heile forbodet innan årsskiftet. Men mindretalsbyrådet til Ap, MDG og Venstre treng støtte frå fleire parti for å få fleirtal.

Senterpartiet er på linje med byrådet, men på venstresida er både SV og Raudt kritiske til å skrota forbodet.

– Me bør ikkje ønska oss tilbake til ei tid der lufta var skitten og helseskadeleg, meiner Jarle Brattespe (SV).

Han meiner forslaget verken er bra for fellesskapen eller den enkelte, og heller ikkje som eit bidrag mot straumkrisa.

Såkalt giftlokk over Bergen januar 2016

GIFTLOKK: På kalde, tørre vinterdagar har store, tett befolka delar av Bergen hatt periodar med helseskadeleg luftkvalitet, mykje på grunn av vedfyring.

Foto: Ingfrid Berge Fossåskaret / NRK

– Gamle omnar har berre halvparten så god energiutnytting som nye, reintbrennande. Forslaget er dårleg når me treng å spara på dyrebar energi.

Raudt sin gruppeleiar, May Liss Åkerblom, er mot å oppheva forbodet, og vil heller dobla støtta til reintbrennande omn til 10.000 kroner.

Går mot budsjettkameratar

Dermed er byrådet avhengig av borgarlege parti for å få vekk forbodet når bystyret skal behandla saka i oktober.

Både Senterpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet støttar det Ap-leia byrådet sitt forslag om å tillata forureinande, gamle vedomnar og peisar.

Dermed ligg det an til at byrådet trassar SV og Raudt, som dei treng støtte frå til det viktigaste i haust: Å få fleirtal for bergensbudsjettet for 2023.

Hei!"

Eg har skrive denne saka om at kommunen tillét vedfyring i møte med straumkrisa. Har du tips til meg om liknande saker? Ta gjerne kontakt! 

Read Entire Article