Jakta på latinamerikanske røyster

1 month ago 18



Fem dagar før valet reiser både Kamala Harris og Donald Trump vestover for å vinne veljarar i vippestatane Nevada og Arizona.

Innvandring og grensekontroll vert sentrale tema når presidentkandidatane prøver å nå ut til latinamerikanske veljarar.

Ein veljargruppe som utgjer 25 prosent av veljarane i Arizona og 20 prosent i Nevada, ifølgje amerikanske Pew Research Center.

Latinamerikanarar har tradisjonelt vore meir på linje med Demokratane, men den siste tida har målinga vist ei tydeleg dreiing i republikansk retning.

Lokka med Jennifer Lopez

Harris heldt valkampkonsertar i Phoenix i Arizona og Las Vegas i Nevada. I tillegg tala ho i byen Reno i Nevada.

Med popstjerne og skodespelar Jennifer Lopez lokka ho veljarar med latinamerikansk bakgrunn over til Demokratane på scena i Las Vegas.

Lopez støtta Harris offentleg etter komikaren Tony Hinchcliffe kalla Puerto Rico ein «flytande søppeløy» under Trumps valmøte i Madison Square Garden i New York City søndag.

I tillegg spelte banda Los Tigres del Norte og Maná, begge har røter frå Mexico.

Lopez for Harris i Nevada

Den demokratiske presidentkandidaten og USAs visepresident Kamala Harris klemmer Jennifer Lopez medan dei deltek på eit valkampmøte i North Las Vegas, Nevada, USA, 31. oktober 2024

Foto: DAVID BECKER / AFP

Harris fokusert på helse, og åtvara veljarane om at Trump vil kutte i helsetilbod viss han vinn presidentvalet.

Ho viste til at Trump tidlegare hadde prøvd å avskaffe Affordable Care Act, betre kjent som Obamacare under hans presidentperiode.

Helsetilbod for alle amerikanarar står på spel i dette valet.

På sin plattfor Truth Social, nekta Trump for å ha planar om å fjerne Obamacare.

Det var under ein TV-debatt i september at han kalla Obamacare for «dårleg helseomsorg».

Han har heller ikkje lagt fram eit konkret alternativ for programmet.

Trump heldt valmøte i Demokratisk stat

I tillegg til valmøte i Nevada og velgjerdsarrangement i Arizona besøkte Trump byen Albuquerque i New Mexico – ein stat som ikkje har hatt republikansk fleirtal sidan 2004.

Det er første gong han besøker staten sidan valkampanjen i 2020.

I valkampmøte i Albuquerque spurde han dei frammøte om dei føretrekkjer å bli kalla for «Latinos» eller «Hispanics».

Harris in Albuquerque

Tidlegare president i USA og republikansk presidentkandidat Donald Trump talte på eit valkampmøte ved Albuquerque, New Mexico, 31. oktober 2024.

Foto: STEVEN ST. JOHN / AFP

Målingar i New Mexico tyder på at Harris har fleirtal, men Trump forsøkte å vinne støtte frå latinamerikanske veljarar der.

Eg elskar hispanics. Dei er hardtarbeidande, sa Trump, som tidlegare denne veka møtte motreaksjonar frå puertoricanarar etter ein rasistisk kommentar frå ein oppvarmingstalar, der Puerto Rico vart kalla ei «flytande øy av søppel».

Trump in Albuquerque

Tilhengarar lyttar medan den republikanske presidentkandidaten og tidlegare presidenten Donald Trump talar på eit valkampmøte ved Albuquerque, 31. oktober 2024.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP

– Dei er varme – nokre gonger er dei for varme, om du vil vite sanninga, sa han.

I Arizona satsar Trump på at frustrasjonar over Biden- og Harris-administrasjonen sin innvandringspolitikk vil svinge grensestaten tilbake i hans favør etter at Biden slo Trump der i 2020.

Publisert 01.11.2024, kl. 06.29 Oppdatert 01.11.2024, kl. 06.56

Read Entire Article