Leiar for Den engelske kyrkja går av etter overgrepsskandale

3 weeks ago 15



– Det er tydeleg at eg må ta personleg og institusjonelt ansvar for den lange og retraumatiserande perioden mellom 2013 og 2024.

Det skriv erkebiskop av Centerbury, Justin Welby, i ei fråsegn tysdag og fråtrer med det stillinga.

Sidan 2013 har han vore leiar for 85 millionar anglikanske kristne.

Ein uavhengig rapport viser at Den anglikanske kyrkja, som er Englands offisielle kyrkje, ikkje har gjort nok for å stanse serieovergriparen John Smyth.

Fleire høgtståande medlemmer i Den engelske kyrkja skal ha visst om overgrepa utan at han blei stansa.

Smyth arbeidde som frivillig på kristne sommarleirar og forgreip seg på over 100 gutar og menn frå 70-talet og fram til han døydde i 2018.

Rapporten skildrar eit «sadistisk regime» under Smyth, der han fekk offera til å bruke bleier fordi dei blødde frå skadane han hadde påført dei.

Erkebiskopen visste om overgrepa

I 2013 fekk erkebiskopen vite om overgrepa, men gjorde ingenting. Smyth flytta på det tidspunktet til Sør-Afrika, der overgrepa heldt fram.

Ifølge rapporten kunne Welby stansa Smyths overgrep mellom 2013 og 2018. I fråsegna tysdag skriv Welby at han trudde politiet var informerte.

Han beklagar for at han ikkje gjorde meir.

welby vigslar markle og harry

John Welby vigsla Meghan Markle og prins Harry i

Foto: Owen Humphreys / Reuters

Publisert 12.11.2024, kl. 16.49 Oppdatert 12.11.2024, kl. 16.59

Read Entire Article