Mann sikta for drapsforsøk etter alvorleg valdshending i Stavanger

14 hours ago 4



Ein mann i 30-åra er sikta for drapsforsøk etter valdshendinga som tok stad på Tjensvoll i Stavanger laurdag ettermiddag.

Det opplyser Sør-Vest politidistrikt i ei pressemelding.

Ein mann er frakta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) med alvorlege skadar etter hendinga.

Skadeomfanget er foreløpig ukjent.

Politiet rykte ut til staden med fleire patruljebilar etter at meldinga kom inn klokka 15.43.

I 18-tida vart den mistenkte pågripen då vedkomande gjekk om bord i ein buss i Stavanger.

– Pågripinga skjedde utan dramatikk, opplyser operasjonsleiar Dag Steinkopf i Sør-Vest politidistrikt.

Set i gang etterforsking

Politiet har sett i gang etterforsking og vil halde fram med tekniske undersøkingar og avhøyr utover helga.

– Vi er i ei tidleg fase av etterforskinga og det er for tidleg å seie noko om relasjon mellom dei involverte, motiv og sjølve hendingsforløpet, seier politiadvokat Christine Kleppa.

Politi og helsepersonell rykte ut til adressa og var på staden kort tid etter ein
person blei funnen med skadar.

– Politiet har ikkje kontroll på gjerningspersonen, og tar i mot forklaring frå personar på staden, sa Steinkopf klokka 16.48.

Det er sett i gang etterforsking og politiet har avhøyrt fleire vitne.

Politiet vil så langt ikkje seie noko om kva skadar mannen har blitt påført.

– Det er for tidleg å gå ut med detaljar rundt hendingsforløpet og
relasjon mellom fornærma og gjerningspersonen. Det er ingen grunn til å tru at personen er farleg for publikum, seier Steinkopf.

Innsatsleder på voldshending i Stavanger, Tjensvoll. Sten Kristian Lund, Sør-Vest politidistrikt

Innsatsleiaren Sten Kristian Lund.

Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRK

Innsatsleiaren på staden, Sten Kristian Lund, seier at kriminalteknikarar vil gjere undersøkingar i løpet av kort tid.

Publisert 23.05.2026, kl. 19.50 Oppdatert 23.05.2026, kl. 19.57

Read Entire Article