Ingvild Kjerkol møter på nominasjonsmøtet iført gullsko, men om ho har trua på siger vil ho ikkje svare på.
– Trur du at du vinn?
– Det får me snakke om seinare, svarar Ingvild Kjerkol på veg inn på nominasjonsmøtet i Trøndelag Arbeidarparti.
I mars blei ho einstemmig attvald til leiar for Trøndelag Ap, i april gjekk ho av som helseminister og no står stortingsplassen til Ingvild Kjerkol på spel.
Fleirtalet på fire personar i nominasjonskomiteen til Ap i Nord-Trøndelag vil ha Bente Estil på Stortinget medan eit mindretal på tre personar vil ha Ingvild Kjerkol.
For å sikre seg førsteplassen på nominasjonslista treng Kjerkol 67 av 133 stemmer.
Splitta Trøndelag om Kjerkol
Tidleg i nominasjonsprosessen til Ap i Nord-Trøndelag blei det klart at fleire store kommunelag ville vrake Kjerkol.
Så blei ho også vraka av fleirtalet i nominasjonskomiteen, medan kommunelaget i Steinkjer snudde og ønska Kjerkol inn på Stortinget likevel.
Arbeidarpartiet i Trøndelag er i gang med å finne ut kven som skal representeret partiet frå Trøndelag etter stortingsvalet neste år. Partiet skal kome fram til ei liste over kandidatar for Nord-Trøndelag og ei liste for Sør-Trøndelag. For sjølv om Trøndelag blei eit samla fylke i 2018 er framleis Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag kvar sine valdistrikt.
Og slik blei det ståande då nominasjonskomiteen leverte sitt endelege listeforslag som skal stemmast over på nominasjonsmøtet i dag.
Giske kan sikre seg stortingsplassen
Etter at Arbeidarpartiet i Nord-Trøndelag har avgjort kven dei vil ha på Stortinget er det Sør-Trøndelag som står for tur.
Åtte av ni medlem i nominasjonskomiteen og 14 av 20 kommunelag vil ha Per Olav Skurdal Hopsø på Stortinget.
Men Trond Giske har dei største kommunepartia i ryggen og fleirtalet av stemmene dersom alle stemmer slik dei har lova.
I tillegg til Trondheim Ap har Giske støtte i Røros, Oppdal og Malvik. Saman tel kommunelaga 71 delegatar på nominasjonsmøtet.
Av 133 delegatar treng kvar kandidat 67 stemmer for å få fleirtal og bli vald inn på stortingslista.
Publisert 30.11.2024, kl. 09.58 Oppdatert 30.11.2024, kl. 10.53