Norske «kjemper» blir stoppa på gata i Japan: «Kan eg ta eit bilde med deg?»

5 days ago 13



Friidretts-VM nærmar seg med stormsteg, og i Tokyos gater er dei norske kastutøvarane populære.

Men det kjem ikkje nødvendigvis av bragdene på idrettsbanen.

– Vi gjer alt vi kan for ikkje å skilje oss ut, men det er umogleg når alle andre når oss opp til skuldrene, seier sleggekastar Thomas Mardal til NRK.

Årsaka er rett og slett størrelsen på dei norske utøvarane.

I Japan er gjennomsnittshøgda 1,72 meter hos herrar og 1,58 meter hos kvinner, ifølge tal frå WorldData.info.

Dermed er det kanskje ikkje så rart at folk sperrar opp auga når norske kvinner og menn på 1,80-1,90 meter kjem forbi, men merksemda blir oppfatta på ingen måte som noko negativt.

– Vi får nokre blikk, av og til nokon lyder. Dei blir litt sånn «wow» når dei går forbi. Det er litt uvanleg, men du får bra sjølvkjensle av det. Du kjenner deg liksom stor og sterk, fortel Mardal med eit smil.

to store menn

«WOW»: Det seier dei lokale når Thomas Mardal blir observert i gatene. Her saman med sleggekastar Eivind Henriksen.

Foto: Harald Thingnes / NRK

Blir fotografert

Mardal er heller ikkje den einaste nordmannen som skaper fascinasjon blant lokalbefolkninga.

– Når eg går forbi folk, har eg lagt merke til at mange snur seg eller ser opp på meg, fortel kulestøytar Marcus Thomsen.

Men det er ikkje berre blikk som blir kasta. Fleire ønsker også å dokumentere møtet med «kjempene» frå Noreg.

Det har Thomsen fått merke, som tidlegare i år utmerkte seg da han slo den 39 år gamle norske rekorden i kulestøyt.

– Det var fleire folk som ville ta bilde av meg ute på byen i går. Det var eit par damer som kom opp til meg som fniste og berre «hei, hei». Så det er rart å gå rundt her når du er så stor, seier han.

en person som står under flere fargerike paraplyer

HÅP: Marcus Thomsen har blitt tatt bilde av på byen i Japan.

Foto: Heiko Junge / NTB

Thomsen har altså blitt ein populær skikkelse, sjølv om han ikkje er den største av kastutøvarane.

– Det var rart. Eg kan tenke meg korleis Daniel Ståhl har det når han går rundt i byen her, som er enda større enn meg, seier kulestøytaren og ler.

en mann som holder et stort flagg

STOR PÅ MANGE MÅTAR: Daniel Ståhl er ein av dei beste i verda i diskos. Han vann OL-gull i Tokyo tilbake i 2021.

Foto: Beate Oma Dahle / NTB

Uvanlege mengder blekk

Spydkastar Sigrid Borge har også opplevd førespurnader frå skodelystne japanarar, det er tatoveringane hennar som vekker interessa hos dei japanske innbyggarane.

– Dei glor. I tillegg er eg litt høg og blond, så eg har tatt eit par bilde med folk, seier Borge og fortset:

– Dei seier berre «åh, kan eg ta eit bilde med deg?» og sånn. Ja, ja, køyr på. Eg synest det er litt gøy, eg. Det er ikkje så ofte det skjer.

en person som holder et sverd

BLEKK PÅ KASTEARMEN: Sigrid Borge har fleire tatoveringar. Det er eit sjeldan syn i Japan.

Foto: FABRICE COFFRINI / AFP / NTB

For i tillegg til å ha fleire centimeter på sokkelesten enn dei innfødde, har Borge også meir blekk på kroppen enn den gjennomsnittlege japanaren.

Tatoveringar er svært uvanlege i Japan, og ofte blir det assosiert med den japanske mafiaen, også kjent som Yakuza. Fleire stader kan det til og med skape nokre utfordringar.

Det er ikkje ulovleg med tatoveringar i Japan, men det er ikkje alle stader det er akseptabelt, ifølge nettstaden Navigatio.

en person som har på seg en kamuflasjeskjorte

YAKUZA: Den japanske mafiaen er kjent for tatoveringane sine.

Foto: Frank Zeller / AFP / NTB

Det har sørgt for at den norske spydkastaren har tatt forholdsreglar.

– Eg har søkt opp: «Er det lov til å gå i butikken?» liksom, fortel ho lattermildt.

– Måtte teipe tatovering

Butikken skal nok gå greitt, men ofte er tatoveringar ulovlege i offentlege japanske varmekjelder (onsen), strender, basseng, badstuer og badeland.

Det same gjeld på gymmen, som kan vise seg å vere meir problematisk.

– Eg har høyrt at den eine plassen der gutane og Marie-Therese (Obst) har trena, måtte dei som har tatovering teipe seg. Om eg er der, kan det bli varmt, seier den 29 år gamle spydkastaren.

Så står det att å sjå om Borge, Mardal og Thomsen kan auke populariteten sin ytterlegare under verdsmeisterskapet.

Thomsen får æra av å opne ballet for Noreg sin del. Han skal ut i kulestøytkvalifiseringa natt til laurdag. Klokka 14.10 same dag er det klart for finale.

Mardal skal i aksjon natt til måndag. Kvalifiseringa for Borge er ikkje før den 19. september.

Sjå fullt program for friidretts-VM her:

Publisert 12.09.2025, kl. 17.29

Read Entire Article