College of Europe har vore årestaden for EUs maktelite sidan 1949.
Prestisjeskulen har produsert ei rekke toppolitikarar- og diplomatar, og gitt studentane sine prestisje og nettverk som har opna dørene til kremjobbar i Brussel seinare.
No står institusjonen midt i ei mogleg korrupsjonsskandale.
College of Europe i Brugge.
Foto: KURT DESPLENTER / AFP / NTBTidleg tysdag morgon tok politimenn kledde i sivilt seg inn på skulens bygg i den belgiske byen Brugge, og gjennomførte ein razzia.
Samstundes gjekk politiet i Brussel til aksjon mot hovudkvarteret til EUs utanriksteneste, EEAS.
Inngangen til EUs utanriksteneste i Brussel.
Foto: NICOLAS TUCAT / AFP / NTBTre personar er pågripne og skal i avhøyr, mistenkte for bedrageri, ifølge EU-påtalemakta Eppo.
Ingen er sikta.
Vi må tilbake nokre år for å sjå på saka som no blir etterforska.
Elitefabrikk under lupa
I 2021 og 2022 konkurrerte nokre av dei beste utdannings- og forskingsinstitusjonane i Europa om å få drive pilotprosjektet EU Diplomat Academy.
Her skulle EUs framtidige diplomatar gjennom eit ni månadar langt opplæringsprogram, finansiert av EEAS.
Kontrakten var lukrativ: nær ein million euro i EU-middel, i tillegg til høg status i Brussel-miljøet.
Federica Mogherini.
Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP / NTBTil slutt gjekk kontrakten til College of Europe, med Federica Mogherini som direktør for diplomatakademiet.
Men allereie før midla blei offisielt tildelte skulen, kjøpte dei eit bygg i Brugge til å huse diplomataspirantane, skriv avisa Euractiv, som har kjelder i EUs diplomatiske teneste.
Mistenker innsideinformasjon
Eppo opplyser at det er mistanke om at innsideinformasjon blei delt med éin av kandidatane som deltok i anbodsrunden.
Dei mistenker brot på artikkel 169 i EUs finansforordning, som skal sikre open og rettferdig konkurranse.
Etterforskinga har skaka EUs diplomatiske miljø, og fleire stiller spørsmål ved EUs elitesystem og bruken av offentlege middel.
Fleire medium peikar på nettopp Federica Mogherini som ei av dei som blei pågripne i Brugge i dag, men dette er ikkje offisielt stadfesta.
Mogherini er blant dei mest profilerte skikkelsane i EU det siste tiåret.
Tidlegare har ho vore både utanrikssjef i EU og visepresident i EU-kommisjonen.
Mogherini saman med Jens Stoltenberg i 2019.
Foto: STEPHANIE LECOCQ / AFP / NTBDei belgiske avisene Le Soir og L'Echo siterer anonyme kjelder på at Mogherini er sett i varetekt.
Fjerna immunitet
Eppo, som etterforskar økonomisk kriminalitet mot EU-middel, fekk først oppheva immuniteten til fleire av dei mistenkte.
Immunitet skal beskytte EU-tenestepersonar mot politisk motivert forfølging, men kan bli fjerna når det er mistanke om straffbare handlingar.
Antikorrupsjonsbyrået Olaf hjelper også i etterforskinga.
EU-kommisjonen stadfestar at det er gjort søk mot utanrikstenesta, men avstår frå å kommentere etterforskinga eller kven som er pågripne.
Interessert i meir utanriksstoff? Lytt til redaksjonens podkast:
Publisert 02.12.2025, kl. 20.09




















English (US)