– Det er bra at vi tar dei måla, men det er eit tap for handballen. Det er mi meining, seier Mats Olsson.
Han reagerer på at dei norske kvinnene fekk putte inn fleire skåringar på opent mål i kampen mot Angola i gruppespelkampen i VM.
Den angolanske trenaren valde å ta ut målvakta og då blei det sju mot seks.
Det utnytta dei norske kvinnene, som fekk fem skåringar på opent mål berre i fyrste omgang.
OPE MÅL: Maren Aardahl skåra på opent mål då Angola var ei kvinne mindre på banen.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBNoreg vann 26–13 i den siste gruppespelkampen.
Etter berre fire minutt spelt fekk angolanske Albertina Kassoma ei to minutt lang utvising for å vere i andletet til Stine Skogrand. Nokre få minutt etter fekk ho to minutt til.
For å unngå at stjernespelaren skulle få raudt kort, valde trenaren til Angola å putte Kassoma på benken halvvegs i fyrste omgang.
Reagerer
– Eg er lite glad i sju mot seks. Eg veit ikkje kva som skjer med den regelen, men det blir lite underhaldande. Og i alle fall når det er fleire lag som praktiserer det gjennom kampen, seier NRKs handballekspert Kenneth Gabrielsen.
Han held fram:
– Det kan ende opp med at du skårar ti mål på opent mål i ein kamp. Eg håpar det kan bli ein regelendring på det. Det er ikkje sikkert ein skal ta det heilt bort, men at det kan bli ein eller annan vri på det. At ein kan gjere det så mange gonger i løpet av ein kamp.
STJERNESPELAR: Albertina Kassoma er 194 cm høg og blir sett på som ein viktig spelar for Angola.
Foto: ARIS MESSINIS / AFP / NTBOgså assistenttrenar Mats Olsson er eining. Han reagerte kjapt etter at Angola blei ei kvinne mindre på banen.
– Eg er i mot desse tomme måla. Eg er veldig stor fan av seks mot seks-spel og målvakt på banen. Det er bra at vi tar dei måla, men det er eit tap for handballen. Det er mi meining, seier han.
Katrine Lunde fortel at ho ikkje synest noko om å spele på den måten.
– Som keeper synest det er kjedeleg. Det blir utspel heile tida om ein spelar overtal, seier ho til NRK.
Ho fortset:
– Eg føretrekkjer det ikkje, men regelen er der, så eg skjønar at folk utnyttar det også. Så får vi prøve å straffe dei som spelar det.
MÅLVAKT: Katrine Lunde
Foto: Beate Oma Dahle / NTB«Kjedelegare»
– Det er ein del av ein større debatt. Ein måte å utlikne eller i alle fall ta frå dei det våpenet og få dei til å slutte å spele sju mot seks. Både Maren (Aardahl) og Ingvild (Bakkerud) er gode på å skyte i ope mål, seier landslagsspelar Nora Mørk til NRK etter kampen.
– Kva synest du om sju mot seks?
– Det er ein del av utviklinga i handballen, og til tider er det sjølvsagt litt kjedelegare når ein veldig god motstandar møter ein litt mindre god, men det også vere med på å snu kampar. Det legg noko ekstra smartness i spelet, som eg likar, legg ho til.
UTVIKLING: Nora Mørk meiner det er ein del av utviklinga i handballen.
Foto: Beate Oma Dahle / NTBLandslagstrenar Ole Gustav Gjekstad er ikkje like skeptisk til det.
– Eg likar ikkje viss ein skal spele sju mot seks i 60 minutt eller over lang tid, det er ikkje spennande å sjå på. Men som eit taktisk grep skjønar eg absolutt at Angola gjer det, seier han til NRK.
Noreg vann gruppa si og møter Sverige i fyrste kamp i hovudrunden. Sverige tapa 27–31 mot Brasil måndag.
– Bra av Brasil. Litt overraskande, eg trudde Sverige skulle vinne. Nå får vi stille om og førebu oss på Sverige. Det er jo naboen og vi har mykje informasjon, så får vi gjere ei god førebuing, seier landslagstrenar Ole Gustav Gjekstad.
I hovudrunden møter Noreg også Brasil og Tsjekkia. Dei to beste laga går vidare til kvartfinale.
Publisert 01.12.2025, kl. 21.55 Oppdatert 01.12.2025, kl. 22.53


















English (US)