Brynhild Grødeland Winther
Billedkunstnar, kritiker og skribent
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
DEBATT: På internett ser ein stadig fleire meine at ein bør sende kriminelle innvandrarar ut av landet. Dei kallar det remigrasjon. Men mange veit nok ikkje at dette er første steg i noko som kanskje er det mest dehumaniserande politiske forslag i nyare tid.
Remigrasjon består av tre steg som blir forsøkt innarbeidd i politiske partiprogram. Konseptet er utarbeidd av personar med bakgrunn frå nynazistiske miljø i Europa. Dei som jobbar for å fremje remigrasjon omtaler det no i startfasen som om det utelukka gjeld kriminelle, og rettar fokus på kriminalitet utført av immigrantar for å forsterke eit narrativ om at samfunnet treng denne politikken. Hensikta er å normalisere det å sende folk ut av landet slik at det blir enklare å gå vidare med det andre steget: utsending av alle som ikkje er godt nok integrert.
Naboen sin religion truar ikkje kulturen
I etterkant av partiet Konservativt sitt landsmøte i år, las eg på sosiale media at dei har valt å ta inn remigrasjon i sitt nye partiprogram. Eg stilte spørsmål ved kva delar av norsk kultur som må etterlevast, og kven skal vurdere kor vidt ein er integrert nok? Konservativt svara ikkje, men andre la inn kommentarar om at ein ikkje er integrert om ein er muslim. Noko som betyr at dei ønskjer å sende ut av landet ei mengd ressurssterke personar utelukka på grunnlag av religion. Ein religion som deler røter med kristendommen …
Slik eg ser det utgjer ikkje naboen sin religion noko trussel mot kulturen. Det som derimot kan utgjere ein trussel er alle som vel norsk kultur vekk til fordel for til dømes amerikansk kultur. Då tenkjer eg særleg på importen av woke/kulturkrig, som har fått inngripande og splittande konsekvensar i relasjon til ytringsfridom, toleranse, meiningsmangfald og samtaler.
Hudfargen som tel
Men ingenting av dette spelar noka rolle i eit større remigrasjons-perspektiv for det tredje stadiet handlar om å sende folk ut av landet basert på hudfarge. Noko som betyr at ein fransk person som ikkje har lagt frå seg sin kultur kan bli buande, men ein med mørk hud kan bli sendt til eit land vedkomande aldri har vore i.
Ser ein kva talspersonar for remigrasjon skriv på sosiale media, legg ein merke til at dei ser ut til å meine at kvite folk ikkje har kulturar. Det blir skrevet om «our culture» som om alle med kvit hud skulle ha ein slags felles kultur. Remigrasjon er overflate-politikk som bak det lingvistiske silkepapiret handlar om menneskeverd på grunnlag av hudfarge.
Remigrasjon blir både ei dehumanisering av personar med brun hud, og eliminering av kulturskilnadar i land kor urbefolkninga har kvit hud. Menneske og kultur redusert til overflater; hudfargar.
Publisert:
Publisert: 25. august 2026 15:50

1 month ago
282





English (US)