Ryddedag på skulen: Elevar fann narkotika for over éin million

2 days ago 4



Funnet blei gjort ved Markaplassen skule i Trondheim i april 2023.

Tablettar tilsvarande 22.200 brukardosar låg gøymt i ein sekk og ein tøypose under ein stor stein.

No er ein rumensk mann dømt til eitt og eit halvt år i fengsel etter ein tilståingssak i Trøndelag tingrett.

Adresseavisen omtalte saka først.

Politiet har tidlegare uttalt til avisa at beslaget har ein gateverdi på omkring ein og ein halv million.

Beslag av tabletter ved Markaplassen skole

Mannen forklarte i retten at han kjøpte tablettane i Noreg og skulle selje dei vidare for å tene litt ekstra pengar.

Foto: Politiet

Meldte frå til politiet

Mannen er dømt for å ha oppbevart 3000 tablettar med Xanax og 16.200 tablettar med stoffet Ksalol.

Det var søppelryddedag på skulen da nokon av elevane fann tablettane.

– Dei har gjort det heilt rette da dei fann noko som dei skjønte det var noko muffens med, seier politiadvokat Aleksander Tokle til NRK.

Ungdomsskuleelevane varsla frå til læraren som kontakta politiet. Etter nye søk i skogen blei det funne enda ein gøymestad.

– Det blei søkt med hund og depot nummer to blei funnen, fortel Tokle.

Beslag av tabletter ved Markaplassen skole

Elevane hadde søppelryddedag på skulen da dei fann narkotikaen.

Foto: Politiet

Den domfelte mannen blei knytt til det første funnet ved hjelp av DNA-spor og fingeravtrykk.

I tingretten har han tilstått å ha oppbevart narkotika der.

– På depot to var det ingen biologiske eller tekniske funn, fortel Tokle.

Det andre funnet blei ikkje knytt til mannen og han er derfor ikkje dømt for dette.

– Kanskje vanlegare enn ein trur

– Er det vanleg å gøyme narkotika i depot i små skogholt og den slags?

– Det er kanskje vanlegare enn ein skulle tru, seier Tokle.

Beslag av tabletter ved Markaplassen skole

Dei to gøymestadane blei funnen på Ranheim i Trondheim.

Foto: Politiet

Tokle peiker på at det er tablettar for store verdiar som blei beslaglagt og at det kan gi lang fengselsstraff å bli tatt med dette.

– Så det er jo naturleg å forstå at ein ikkje ønsker å ha dette i skuffa heime hos seg sjølv.

NRK har forsøkt å kontakte den domfelte mannen sin forsvarar, Laura Emilia Niemi.

Ho har førebels ikkje svart på NRK sine førespurnader

Rektor: – Ikkje noko all right

Rektor ved Markaplassen ungdomsskule, Rune Haldorsen, fortel at funnet skapte merksemd i skulemiljøet.

– Ein kan jo få inntrykk av at dop er lett tilgjengeleg uansett, men at det ligg så store mengder som dette og flyt er ikkje noko all right å tenke på.

Han seier yngre barn enn deira elevar kunne ha funne narkotikaen.

Beslag av tabletter ved Markaplassen skole

Foto: Politiet

– Lykka var jo at det var fornuftige ungdommar som fann dette og varsla frå om funnet, seier Haldorsen.

Rektoren seier skulen no er glad for at det no har kome dom og at saka er avslutta.

– Det er vi glade for. Også har det så vidt eg veit ikkje vore nokre fleire funn i nærområdet her.

Etterlyst internasjonalt

Etter beslaga av tablettane blei mannen etterlyst internasjonalt.

Tokle fortel at mannen blei stoppa i ein rutinekontroll på grensa til Sverige i juli i år og deretter pågripen.

I avhøyr erkjente han ikkje straffskuld og saka skulle eigentleg opp i Trøndelag tingrett.

Sidan mannen har kome med ein vilkårslaus tilståing, har Trøndelag tingrett gitt han strafferabatt.

Mannen er no dømt til eitt år og seks månader i fengsel for grovt narkotikalovbrot.

Publisert 16.09.2025, kl. 17.58

Read Entire Article