Rykte ut til brann og kraftig røykutvikling i trehusområde i Bergen sentrum

1 week ago 8



Brannvesenet fekk melding om hendinga på Marken i Bergen klokka 06:28.

– Vi fekk inn melding om svart røyk frå kjellaretasjen av bygget. Meldinga kom frå ein som bur i bygget, seier Tore Fanebust, vaktkommandør i 110 Vest.

Ikkje lenger fare for spreiing

– Men per no føler vi at vi har kontroll og klarer å stenge brannen til eitt bygg, seier vaktkommandør Fanebust klokka 07:10.

Lenge gjorde tett trehusbebyggelse at fare for spreiing var til stades.

Brannen er no sløkka, og brannvesen driv ettersløkking.

Brannvesen kom fort fram til staden.

Store ressursar har rykka ut og er på staden. Innsatsleiar på staden, Ole Bjørn Sveen, seier til NRK at ingen er sendt til sjukehus, men at nokre er sett til av helsevesen grunna røykskadar.

Brannvesen med kraner og blålys håndterer brann i trehusbebyggelse i Bergen sentrum

Foto: Tsion Bruk / NRK

12 evakuerte

– Dei evakuerte etter brannen er sende til rådhuset i Bergen for ly. Kommunen vil sørge for vidare overnatting for dei som treng det, seier Eivind Hellesund i Vest politidistrikt.

Politiet vil vidare gjere avhøyr for å finne ut av årsaka til brannen.

Når brannvesen er ferdig med ettersløkking vil området bli sperra av. Krimteknikarar vil då gjennomgå staden.

Read Entire Article