Sølvmedalje til Bakkelund i VM i styrkeløft – ny verdsrekord av Perkins

1 month ago 19



17. juni 2024 kl. 21:27

Kjell Egil Olborg Bakkelund tok sølv under VM i styrkeløft som vart arrangert i Druskinkai i Litauen måndag.

Bakkelund er rangert som nr. 2 i verda bak amerikanske Austin Perkins.

Nordmannen løfta 272,5kg i knebøy, 207,5kg i benkpress og 332,5kg i markløft. Samanlagt 812,5kg.

Han måtte sjå seg slått av Perkins som enda på 836kg til saman og dermed sette ny verdsrekord.

Bakkelund er med dette resultatet kvalifisert til World Games i Kina neste år, som er styrkeløftarane sitt svar på OL.

VM Styreløft

Foto: Skjermdump frå VM i Styrkeløft
Read Entire Article