Steile frontar etter landslagsexit: – Det er eit val dei har tatt

1 month ago 18



Nordmannen tok eit råsterkt OL-gull i Tokyo. Så skar det seg med forbundet.

Etter Tokyo fekk eg ikkje landslagsplass, og så fekk eg ikkje noko reelt tilbod i 2023. Då er det betre å stå på utsida og jobbe med teamet me har, seier Blummenfelt til NRK.

Nordmannen møter NRK i Bergen, og vert tydeleg prega av å prate om landslagskonflikten, men gjentar fleire gonger:

– Det er eit val dei har tatt.

– Dei har tatt valet og ikkje dykk?

– Ja, me skulle gjerne vore med på landslaget videre.

Kristian Blummenfelt jubler for OL-gull i Tokyo

GULL: Kristian Blummenfelt tok gull i Tokyo og jublet hemningsløst da han passerte målstreken.

Foto: LOIC VENANCE / AFP

Tar Kristian Blummenfelt OL-gull i Paris?

Forbundet: Han fekk tilbod

Blummenfelt møter NRK i samband med ei treningsøkt i Bergen. Saman med treningskamerat Gustav Iden og trenar Olav Aleksander Bu har han sydd saman eit opplegg som skal få Blummenfelt OL-klar på sida av landslaget.

– Me fekk ikkje noko reelt tilbod av forbund og landslag.

Er det det økonomiske det handlar om?

Nei, eigentleg ikkje. Eller ... Forbundet meiner dei har rett på 40 prosent av våre private avtalar, men me er vel usamde der, sier Blummenfelt.

– Kristian har fått eit reelt tilbod om landslagsplass i 2023 og vi forhandla om denne avtalen i lang tid. Han fekk også ein invitasjon for 2024, men då forsto eg at kun representasjonsavtale var aktuelt for han, skriv generalsekretær i Norges Triatlonforbund Gabrielle Bjørnstad-Northern i ein e-post til NRK.

– Skal ikkje sitte på same bord

Sportssjef Arild Tveiten seier til NRK at han opplev det som sårt, og skulle gjerne hatt med Blummenfelt vidare på landslaget. Det vart eit «vakuum»

Er det noko samarbeid der og forsøker dykk å få han tilbake?

I utgangspunktet ikkje. Me samarbeider bra og har ein god dialog, men me samarbeider ikkje om trening og trenar ikkje saman. Me er ofte på dei same stedane på treningsleir, og me sosialiserer og er saman, men trening har me gjort ganske lite av i det siste.

– Eg trur ikkje dei føler noko vakuum. Dei er nok nøgd med å ha oss på utsida.

– Kvifor det?

– Det er eit val dei har tatt, så dei må stå inne for det dei gjer.

Sommer-OL i Rio 2016, sportssjef Arild Tveiten og Kristian Blummenfelt

SPLITTET: Sportssjef Arild Tveiten og Kristian Blummenfelt, her avbildet i Rio i 2016.

Foto: Erik Johansen / NTB

Landslaget er ofte på samling same stad som Blummenfelt, men sistnemnde seier at dialogen ikkje er all verden.

Dei har eigentleg retningslinjer på at dei ikkje skal trene eller sitte på bord med oss. Me er på utsida, trenar og gjer vår greie. Det har vore litt to forskjellige grupper sidan Tokyo, seier Blummenfelt.

Tveiten avviser blankt påstandane frå triatlonstjerna frå Bergen.

– Eg kan med hundre prosent tryggleik sei at det ikkje stemmer. Alle på landslaget kan stadfeste at dette ikkje stemmer, svarer sportssjefen.

Blummenfelt sin trenar, Ole Aleksander Bu fryktar bråket kan få sportslege konsekvensar.

Det er jo ikkje ideelt. Å gå for medalje i OL er noko som krev ein enorm dedikasjon. Me veit at ting ikkje berre handlar om det fysiologiske, det handlar også om det psykologiske. Om du har ting som skapar litt ekstra stress i livet ditt, så er det med på å gå utover prestasjonane dine, sier Bu.

Forbundet avviser krav

Vårt mål er å få semje om avtalar som er balanserte på rettar og plikter, og å ivareta den norske landslagsmodellen, herunder forvalte dei kommersielle rettane på ein måte som ivaretar balansen mellom fellesskapet sine interesser og den enkelte utøvar. Det var ikkje krav om 40 prosent av hans private avtalar, seier generalsekretær Gabrielle Bjørnstad-Northern.

Ho seier at det er leit at Blummenfelt ikkje har følt seg ønsket på landslaget.

I Paris er Noreg kvalifisert for å springe blanda stafett. Då skal Blummenfelt springe med tre utøvarar frå landslaget. Casper Stornes var på det norske laget som sikra OL-plassen, men vart vraka då Noreg berre hadde to kvoteplassar.

Triatlon

TRE AV FIRE TIL OL: Casper Stornes (nummer to fra venstre) skal ikke til OL. Det skal Vetle Thorn (til venstre), Lotte Miller og Solveig Løvseth.

Foto: Mikal Iden/Norges Idrettsforbund / Mikal Iden/Norges Idrettsforbund

Det er ei blanda kjensle. Casper jobba heile vegen inn for å prøve å kvalifisere laget. Det er litt trist at han ikkje er med vidare. Men all prat me har med Kristian viser at han er kjempegira på stafetten, seier sportssjef Arild Tveiten.

– Det kjem til å verte kjekt å få køyre dobbelt i OL. Likevel trur eg det kunne auka medaljesjansane ganske mykje om det hadde blitt jobba på ein anna måte dei siste tre åra.

Kva føler du manglar? Som skulle vore gjort?

Det er vel heilskapen rundt laget og ... ja.

Har du lyst til å utdjupe?

Nei.

Tyskland herjet - denne skrekktaklingen skapte reaksjoner 03:13

Publisert 15.06.2024, kl. 13.24

Read Entire Article