Straumleverandøren Tibber har blitt hacka

3 weeks ago 16



– Vi kan stadfeste at dataen knytt til 50.003 tyske kundar, har blitt stolen, skriv pressesjef Gaute Haaversen-Westhassel i ein SMS til NRK.

Det er dataen til kundar som har kjøpt smarte produkt i den tyske Tibber-butikken, som har blitt stolen, står det vidare.

Ingen kredittinformasjon eller personnummer har hamna på avvege, hevdar pressesjefen.

– Dette er no ei politisak i Tyskland og det er derfor opplysingar vi ikkje kan dele.

Digi har også skrive om saka, og Tibber stadfesta hackinga overfor dei tidlegare i dag.

Hevda det var snakk om over 200.000

Det var på plattforma X at ein brukar som kalla seg «ThreatMon» hevda at straumselskapet var hacka, og at personopplysingane til kundane var komne på avvege, ifølge Tek.no.

Hacker hevder Tibber er hacka

Denne meldinga blei publisert på X tidlegare tysdag.

Foto: Skjermdump X

Hackaren hevda at kundedataen til 243.000 kundar var komen på avvege.

I tekstmeldinga til NRK ber Haaversten-Westhassel om «forståing for at vi vil vere heilt sikre før vi deler meir info».

– Tibber vil halde fram med å undersøke saka for å vere heilt sikre på at ingen norske kundar er påverka. Å beskytte personvernet og sikkerheita til kundane våre er vår høgste prioritet, står det i tekstmeldinga.

Tibber er eit straumleverandør med kontor i Førde, Amsterdam, Berlin, Helsinki, Oslo og Stockholm.

Publisert 12.11.2024, kl. 16.04 Oppdatert 12.11.2024, kl. 16.16

Read Entire Article