Sverige noterte ein ny dyster rekord natt til fredag

1 week ago 9



Ein mann i 20-åra blei skoten i Kristianstad i Sverige seint torsdag kveld.

Dei første meldingane til politiet kom klokka 23.14 om at ein person var skadd. Fleire vitne melde frå etter å ha høyrt fleire skot.

Ambulansen frakta mannen til sjukehuset.

– Mannen døydde på sjukehuset som følgje av skadane han fekk, seier Mikael Lind i politiet region sør til den svenske avisa Dagens Nyheter

Han legg til at dei veit kven mannen er, og at pårørande er varsla.

Politiet har ingen mistenkte i saka.

Den svenske byen Kristianstad ligg i Skåne.

48 skotne og drepne så langt i år

Ifølge statistikken til politiet betyr dette at 48 personar så langt er drepne i ei skyting i 2022 og at Sverige allereie har nådd eit nytt toppnivå når det gjeld dødsskyting.

I tillegg er 74 personar skadde som følge av skyting i Sverige så langt i år.

– Det har det vore ein auke i skyting. Det har vi reagert på, men eg har ikkje noko eksakt tal på kor mykje det har auka eller korleis det ser ut i andre regionar, men i regionen vår har det definitivt auka, seier Mikael Lind, til SVT.

Det høgaste talet tidlegare var frå 2020 då totalt 47 menneske vart drepne, året etter var talet på drepne 45, ifølgje statistikken til politiet.

Fleire skytingar

Ifølge ein rapport som kriminalitetsførebyggjande rådet (Brå) la frami i fjor, viste at Sverige var det einaste av 22 samanlikna land i Europa som hadde ein auke i døde etter skyting.

Dødeleg vald med skytevåpen auka i Sverige på midten av 2000-talet. I 2013 blei det registrert ein merkbar auke som sidan har halde fram med å stige.

Rapporten viste også at åtte av ti dødelege skytingar i Sverige skjer i eit kriminelt miljø. Dei fleste er innanfor aldersgruppa 20–29 år.

Også talet på skytingar aukar i år, samanlikna med tidlegare år.

1. september var det registrert 273 skytingar i Sverige så langt i år. I heile fjor blei det registrert 344 skytingar, og 379 året før, skriv SVT.

Held skytingane fram i same takt, vil ein kunne passere desse tala før året er omme.

Tema i valet

Skytingar og gjengkriminalitet var også eitt av dei store temaa då Sverige gjekk til val tidlegare i september.

Særleg Moderaterna og Sverigedemokraterna køyrde hardt på at det måtte eit regjeringsskifte til for å få bukt med problema.

– Ei ny regjering vil jakte på desse menneska til dei alle blir sperra inne eller utviste frå landet, kompromisslaust og omsynslaust. Desse gjengane må forlate Sverige, sa Moderaterna-leiar Ulf Kristersson til Göteborgs-Posten.

Moderaterna-leder Ulf Kristersson på en lekeplass der det ble løsnet skudd.

Moderaternas leiar Ulf Kristersson besøkte leikeplassen i Eskilstuna der ein fire år gammal gut med treft av skot i august.

Foto: Per Karlsson/TT / NTB

Etter valet fekk den borgarlege sida eit knapt fleirtal, og Sverigedemokraterna vart det nest største partiet i Riksdagen, etter Socialdemokraterna.

Kristersson og Moderaterna har derfor innleidd samtalar med dei andre borgarlege partia i Sverige, med eit mål om å få til eit maktskifte.

Read Entire Article