Tar grep etter parfyme-eksplosjon blant unge

1 month ago 18



Voldsom parfymering har ført til at vidaregåande skular må trygla elevar om å la parfymeflaska ligga heime.

 Silje Tangen Kinserdal / TV 2
VIS HENSYN: På Amalie Skram oppfordrar ein elevar til å bruka parfyme med omhu. Foto: Silje Tangen Kinserdal / TV 2

Publisert 03.11.2024 22:28

Norske ungdommar brukar parfyme som aldri før. 

Men det som i utgangspunktet er ei god lukt, er ikkje like behageleg for alle. 

Fleire kan reagera når det er eit sammensurium av duftar i eit fullstappa klasserom. 

På Amalie Skram vidaregåande skole i Bergen har det gått så langt at lærarane måtte gripa inn. 

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
PSH-PSH: Ein sprut parfyme gjer at du luktar godt. Nokon kan ta så mange som to sprut. Eller tre. Eller fire. Eller fem. Eller seks. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

– Tenker på dei som er allergisk 

I kantina på Amalie Skram vidaregåande skole sit Unn Berre, Tuva Eline Lehmann, Solenn Blanc Bjørkhaug og Bror Nunn-Thorsen.

Dei skjønar godt at folk reagerer på overdriven parfymebruk, og prøver sjølv å halde seg på eit moderat nivå. 

– Det er ikkje eit problem for meg, men eg tenker på dei som er allergisk. Det kan jo øydeleggja heile dagen deira, seier Tuva. 

 Silje Tangen Kinserdal / TV 2
FORNUFTIGE DUFTAR: F.v. Bror Nunn-Thorsen, Solenn Blanc Bjørkhaug, Unn Berre og Tuva Eline Lehmann. Foto: Silje Tangen Kinserdal / TV 2

Det nikkast rundt bordet. 

Dei forklarer at når ein sit 30 elevar inne i eit lukka rom med vindauga lukka, kan lukta fort bli ganske potent for både lærarar og elevar. 

– Eg har gått forbi nokon og nesten gått inn i ein vegg av parfyme og tenkt «wow, det der var litt i overkant», seier Bror. 

Parfymeallergi

  • Oppstår ofte som kontakteksem eller luftveisplager
  • Typiske symptomer er: rødt, kløende utslett, små blærer i huden som kan gi væskende hudområder og skorpedannelser, og tørr, flassete hud

Kjelde: Norsk Astma- og allergiforbund

Har med seg flasker i skapet

Etter fleire tilbakemeldingar bestemte skulen seg for å be folk å avgrensa bruken av parfyme på dei mange infoskjermane rundt i bygget. 

– Eg brukar parfyme sjølv, men eg tar det aldri med på skulen, seier Solenn Blanc Bjørkhaug. 

Men ikkje alle gjer som Solenn. Fleire har med seg parfyme, og fyller på når dei føler for det, ifølge ein av lærarane på skulen. 

Lærar Øyvind Helle Bolstad minner om at parfymelukt blir tona ned i løpet av dagen viss ein ikkje går for påfyll, og difor ikkje er eit problem. 

– Men no har ein elevar som nærast har parfymeflaska på innerlomma og sprayer seg i timen, og i skapet og sprayer seg i friminuttet. Det blir litt voldsomt, seier Helle Bolstad.

 Silje Tangen Kinserdal / TV 2
AVGRENSA: Lærar Øyvind Helle Bolstad har bede elevane om å halde parfymebruken til eit akseptabelt nivå. Foto: Silje Tangen Kinserdal / TV 2

Han har forsøkt å minne elevar om det, men har mange gonger kome til kort. 

– Handlingsrommet mitt er avgrensa til å appellere til elevar sin solidaritet og medkjensle. Kanskje dei kjenslene blir utvikla litt seint, smiler han. 

Rektor på Amalie Skram, Lars Berntsen, håpar ein forsiktig åtvaring er vegen å gå, og vil ikkje innføra eit forbod. 

– Me likar ikkje forbod, men me trur på dialog. Det er eit økande problem, og det må vera lov å seie at no er det for mykje, seier Berntsen.

12-åringar også

Fredrik & Louisa er ein av dei største parfymerikjedene i Noreg. Administrerande direktør stadfesta auka sal av parfyme. 

– Me har sett ein skikkeleg stor auke i salet og ser at parfymekulturen i Noreg har utvikla seg veldig raskt i takt med sosiale medium, seier Eric Rivelsrud til TV 2.

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
YNGRE KUNDAR: Eric Rivelsrud ved Fredrik &Louisa merker stor pågang av ungdom på parfymejakt. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Sjølv om parfymebruk er eit aukande problem på Amalie Skram vidaregåande, så er det òg enda yngre ungdommar som nyttar seg av duftane.

– Me ser ei interesse som strekkar seg heilt ned i tolvårsalderen. Og det er tett knytt til spesielt TikTok, fortel Rivelsrud. 

Han påpeikar at ansvaret om bruken er delt.

– Foreldra har eit ansvar med tanke på bruken av parfyme og sosiale medium. Og me som faghandel og ekspert har eit ansvar for å legga til rette for denne interessa på ein trygg og forsvarleg måte, seier han og fortset:

– Me gjer tips og råd, spesielt til yngre, om bruk av parfyme. For eksempeI at i mindre settingar, som i eit klasserom, at det held med eitt trykk og ei litt lettare duft til den anledninga. 

Read Entire Article