TikTok-kjendis må i retten for uthenging av mindreårig

4 hours ago 4



No må Robert Michael Scott, mest kjend som TikTok-fenomenet «NorwayRob», møte i Hordaland tingrett tiltalt for omsynslaus åtferd.

Scott har høvesvis 61.000 følgjarar på Snapchat og kring 2,2 millionar følgjarar på TikTok.

På desse kanalane skal den kjende bussjåføren ifølgje førelegget ha omtala og identifisert ein mindreårig gut som skal ha kasta egg mot bussen hans. Det eine høvet var direktesending på TikTok.

Ovanfor Bergensavisen, som først omtala saka, skildrar Scott førelegget på 8000 kroner som «heilt latterleg».

Til NRK seier Scott at han er oppgitt over heile situasjonen. Han godtek ikkje førelegget.

– Det er meg og bussen min som blei vandalisert. Bussen min blir egga tre gonger, men eg er han med omsynslaus åtferd? Det er heilt latterleg, seier han.

«slap your fucking kid»

På ein av videoane skal Scott ha uttala at «the road he is on now is the road to nowhere», og dessutan skildra guten i negativt ordelag.

Han skal også ha vendt seg til foreldra til guten «why don’t you slap your fucking kid upside the fucking head».

Det er eit visst alvor når politiet følger opp. At det er ein mindreårig involvert gir saka eit ekstra moment, seier politifullmektig Anna Grøneng. Ho skal aktorere saka for påtalemakta.

Videoane blei publiserte etter ein serie med hendingar mot Scott sin buss i mars i år.

Dette blir jo ein del av det som kjem fram i retten, og eg vil ikkje kommentere dei juridiske vurderingane no, sig Grøneng.

Mann med kaps, som smiler flott til kameralinsa.

Robert Michael Scott må møte i retten 8. august. Han er tiltalt for brot på straffelova § 266 «for ved skremmende eller plagsom opptreden eller annen hensynsløs atferd å ha krenket en annens fred».

Foto: Brynjar Osgjerd

– Ville aldri filma

Då saka vart omtala av media i mars, vart Scott også skulda for å ha jaga guten. Dette er ikkje omtala i førelegget.

Scott nektar for å ha filma eller jaga guten.

– Guten oppsøkte bussen min samtidig som eg sende direkte på TikTok. Eg ville aldri filma eller jaga ein ungdom.

Han fortel at ein av kameramennene hans tok igjen guten som kasta egg, men at han sjølv aldri forlét bussen.

Han nektar også for å ha hengt ut guten seinare.

– Då snakka eg berre om «kids» i dag generelt, og sa at dersom det hadde vore meg ville far min gitt meg ein øyrefik. Foreldra kjente seg nok treft fordi dei skjøna at det var deira barn eg snakka om, men ingen andre visste det.

Risikerer høgare bot

Saka blei meld til politiet av guten sine føresette.

Førelegget blei skrive ut 11. august. Få dagar etter var det klart at han ikkje ville godta det.

Saka skal opp for Hordaland tingrett 8. desember, og det er venta at både Scott og ein av foreldra til guten skal vitne.

Om tingretten dømmer Scott, kan førelegget bli auka til 9.500 kroner.

Scott ynskjer å legge til at han ikkje har noko imot borna han møter generelt.

– 99 prosent av dei eg møte er «awesome», seier han.

Publisert 18.09.2025, kl. 14.14

Read Entire Article