Politiet fekk beskjed om ulykka litt før klokka 0.30 natt til søndag. Alle naudetatane rykte ut til bedrifta.
Tilstanden til dei tre er ikkje kjend, opplyser Politiet i Nordland.
Det var ein av dei tre involverte som sjølv ringde og melde frå.
– Det har vore ei form for mindre eksplosjon med acetylen på bedrifta, men ikkje i samband med arbeid, seier operasjonsleiar Mai Wenche Hansen i Nordland politidistrikt til NTB.
Ho seier at alle tre har tilknyting til bedrifta, men at dei ikkje var på jobb så ulykka skjedde.
Politiet kan ikkje seie noko om skadeomfanget, men ein av dei skadde skal ha meir omfattande skadar enn dei to andre.
Alle tre vart tekne hand om av helsepersonell før dei vart køyrde til sjukehus.
Politiet er på staden for å gjere undersøkingar og startar etterforsking for å avklare kva som har hendt.