– Trygt betyr ikkje alltid mindre skjerm

3 weeks ago 21



KOMMENTAR: Balansert skjermbruk? Vaksne må melda seg på? Regjeringa må hengja seg på EU? Årh, så kjedeleg!

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) tok imot måndag rapporten om barn og unges skjermbruk. Foto: Terje Bendiksby / NTB
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

Det ligg så klart eit ønske om å beskytta barn der. Gi dei ein betre oppvekst. Ein betre skuledag. Både hos kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun, hos foreldregrupper som har engasjert seg for å få ned skjermbruken i skulen, og hos skjermbruk-utvalet som måndag kom med rapporten sin.

Ikkje tøffe nok aleine

Ifølge Medietilsynet har nær halvparten av dei spurde i gruppa 13–14 år sett skremmande eller valdelege filmar eller bilde det siste året. Like mange har sett hatmeldingar mot grupper eller enkeltpersonar, rundt ein av tre har sett måtar å skada seg sjølv fysisk på, to av fem har sett måtar å bli svært tynne på.

Vi veit at regjeringa gjerne vil setja opp aldersgrensa for å vera på sosiale medium frå 13 til 15 år, og gjera det vanskelegare å omgå den. Utvalet, som måndag leverte ein rapport til regjeringa om skjermbruk vil ikkje det.

Dei meiner Norge må hengja seg på EU i det arbeidet. I staden for å tøffa seg sjølv. EU jobbar med eit lovverk som kan setja krav til denne svære industrien, dei som har alt å tena på at barna våre blir sitjande så lenge som helst og så ofte som helst og skrolla, skrolla og skrolla. Dei kjem ikkje til å begynna å ta omsyn til utviklinga av sarte barnehjernar og barnesinn av sitt eige, gode hjarta. Utvalet vil ha regjeringa til å ta inn EU-greiene i norsk rett.

Det er kjedelegare enn at Kari ordnar den aldersgrensa. Men eg trur det er meir realistisk, særleg på lang sikt. Her bør vi henga oss på ein liga – EU – som kanskje har nok musklar til å setja grenser for Tiktok, Snapchat, Instagram og alle dei andre. For vi veit at mange unge ønsker seg mindre tid på skjerm, men ikkje viss dei blir aleine om det, det er for risikabelt sosialt. Det dilemmaet kjenner også mange foreldre på.

Trygge

Det ligg så klart også eit krav om at det skal vera trygt å gå på skulen bak i her. Alle barn har rett til det, alle vaksne ønsker seg det for dei, både statsrådar og folk i utval som skriv rapportar og foreldre som protesterer. Trygt er viktig. Både for å kunna trivast og for å kunna konsentrera seg. At skulane gjer det dei kan og skal for å stengja ute skadeleg innhald frå skjermane dei tilbyr barna, burde vera sjølvsagt. Og at dei gjer det dei kan og skal for å stengja ute alt som hindrar barn i å kunna konsentrera seg.

Men det betyr ikkje alltid å bruka mindre tid på skjerm. Det betyr kanskje å bruka tida betre. For det finst barn som konsentrerer seg betre når dei får skriva på eit tastatur, enn må streva med handskrift. Det finst digitale opplegg som passar betre for nokre barn enn læreboka på pulten.

Så skjermbruk-utvalet understrekar også at i skulen må det vera læraren som avgjer om og når og for kven læring skal føregå digitalt. Og for at lærarane faktisk skal kunna velja, må skulane få nok pengar til å kjøpa nok fysiske lærebøker. Her har regjeringa kome med pengar, men ikkje nok.

Viss dei vil ha ein betre balanse mellom bok og skjerm, må dei finna meir pengar til bøker.

Og så?

Fleire litt sånne kjedelege ting? Foreldre må skrua seg på, seier utvalet. For det hjelper, det også.

Eg heiar litt på det der utvalet. Sånn i stort. Sjølv om eg trur rapporten hamnar i ei skuff hos Kari Kunnskapsminister. Det er for lite action der.

Publisert:

Publisert: 12. november 2024 15:28

Kommentator Solveig G. Sandelson

Read Entire Article