Skular over heile landet er truga med nedlegging. Ein varaordførar måtte gå tilbake på sitt eige ord, og går hardt ut mot regjeringa.
Publisert 14.11.2025 22:16 Sist oppdatert 42 minutter siden
Fleire kommunar slit med økonomien. Ein av dei er Arendal, som må spare nærmare 300 millionar kroner.
– Regjeringa ser at mange kommunar er i ein krevjande situasjon. Meir pengar løyser likevel ikkje alle utfordringar, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap).
Han seier at regjeringa har gjort fleire tiltak, som du kan lese om lenger ned i saka. Men det er ein mager trøst for elevar i Arendal, der fleire skular blei vedtatt lagt ned torsdag.
Varaordførar Inger Brokka De Ruiter (SV) var blant dei som stemte for nedlegging. Med det braut ho sine eigne valløfte, men varaordføraren meiner at ho ikkje har noko val.
– Ingen anna moglegheit
Skulestrukturen i Arendal har i stor grad vore den same i fleire tiår. No slår demografien «kommunen midt i ansiktet», seier De Ruiter. Det blir fleire eldre og yngre.
Torsdag blei Eydehavn, Nesheim, Moltemyr, Strømmen skular og Hove læringsarena lagt ned, etter stemmer frå Ap, SV, Venstre, Høgre og KrF. I tillegg blir drifta gjort om ved to andre skular.
– Vi har ingen anna moglegheit enn å seie at vi har for mange ledige pultar. Vi har for mange skular, for få folk, for lite pengar, men for mange oppgåver som er pålagt oss frå staten, sa De Ruiter til TV 2 dagen før kommunestyremøtet.
– Gråt og fortviling
Bilete frå Agderposten viser at mange møtte fram på kommunehuset for å demonstrere mot nedleggingane.
John Peder Johnsen er leiar i FAU ved Nesheim skole, som ligg nord for Arendal.
– Vi er eigentleg forbanna, seier Johnsen,
Etter at vedtaket blei kjent, var han innom skulen og møtt på lærarar og elevar.
– Det er gråt og fortviling, og litt realitetsorientering med at det faktisk er blitt sånn, seier Johnsen.
Johnsen vil rose lærarane på skulen for å vere profesjonelle på det som var ein krevjande dag for skulen.
– Å ende opp som ein salderingspost for å få ein kommunerekneskap til å gå opp når du er ein desentralisert barneskule i ein større kommune – det påverkar, seier Johnsen.
Bryt valløfte
De Ruiter viser til at skulane i Arendal har om lag 2000 ledige plassar. Men ved å stemme for skulenedlegging, bryt ho eit løfte ho gav i valet i 2023, og ho fryktar det blir fleire løftebrot.
– Denne månaden og neste månad kjem eg ikkje berre til å bryte løfta mine på skule. Eg bryt løfta på helse og omsorg, på tidleg innsats, på rus og psykiatri. For vi har ikkje pengane til det. Vi manglar 300 millionar kroner på konto, seier De Ruiter.
Ho seier at kommunen framleis manglar pengartil helsetilbod som sjukeheim og psykisk helse, kritisk infrastruktur og pårørandestøtte.
– Rubbel og bit av kva kommunen er pålagt å gjere, seier ho.
Kommunen har maksa eigedomsskatten, og at investeringane som er gjort, hovudsakleg i bygg som skular og barnehagar, har vore heilt nødvendige.
– Uansett kor mykje du vrir og vendar på det, så er vi ikkje i mål. Vi manglar 200 millionar uansett for å få det til eit nivå som gjer at ikkje statsforvaltaren set oss på Robek.
På tysdagens sending av Debatten på NRK sa De Ruiter at «stortingspolitikarane kjem på sjarmetappar kvart fjerde år og lovar gull og grøne skogar, før dei set oss lokale folkevalde i førstelinja for politikarforakt».
Ho gjentar bodskapen overfor TV 2, og seier at regjeringa må kome på bana.
– Vi treng eit kommuneopprop. Så må anten staten seie at de har fått nok pengar, eller så må dei ta frå oss oppgåver, slik at det står i stil, seier De Ruiter.
– At ei Arbeidarparti-leia regjering vel å la velferda rotne på rot i kommunane, det er for meg heilt ubegripeleg, seier ho.
KS: – Uhyre krevjande
Helge Eide er områdedirektør for samfunn, velferd og demokrati i kommuneorganisasjonen KS.
Han seier at det samla meirforbruket i tenestene, altså underskotet, i kommunane ikkje er like dramatisk som på same tidspunkt i 2024.
Årsaka er tøffe omstillingstiltak og inntektsvekst på grunn av statlege løyvingar.
– Men det er ingen tvil om at det framleis er uhyre krevjande, seier Eide til TV 2.
Særleg helse og omsorg, skule og barnehage kan bli råka når kommunane må spare pengar, sidan det er her størsteparten av dei økonomiske midlane blir brukt. Men også tenester som ikkje er lovpålagde er utsette.
– Der det ikkje er direkte lovpålegg til kommunane om forsvarlege tenester eller plikter, så er det lettare å gjere kutt utan at det kjem i konflikt med lov. Då er det typisk førebyggande tenester som er kanskje mest utsett, seier Eide.
– Det kan dreie seg om fritidstilbod, støtte til lag og organisasjonar og sånne ting, sjølv om dette i utgangspunktet er løyvingar som har brei politisk støtte i kommunane, legg han til.
KS fryktar at fleire kommunar vil hamne på Robek-lista i åra som kjem, som betyr at statsforvaltaren tar over kontrollen av kommuneøkonomien for å få han på rett kjøl.
Ifølge ein analyse som KS presenterte i sommar gjekk nesten 60 prosent av kommunane med underskot i 2024.
Setter ned kommisjon
TV 2 har lagt fram kritikken frå varaordføraren i Arendal for kommunal- og distriktsminister Bjørnar Skjæran (Ap).
– Vi har sett ned ein kommunekommisjon som skal foreslå endringar som gjer at kommunane kan bruke ressursane på ein god og fleksibel måte, og løyse oppgåvene meir effektivt. Kommisjonens første rapport kjem ved årsskiftet, seier Skjæran i ein epost.
Skjæran viser til at regjeringa har sørgt for ekstra inntekter i 2024 og 2025.
– Veksten i frie
inntekter frå 2024 til 2025 er den høgaste i nyare tid med om lag 15 milliardar kroner. Vi har i tillegg foreslått 4,2 milliardar kroner utover dei 1,6 milliardane som kom i
revidert nasjonalbudsjett.
Statsråden meiner at kommunen omstiller seg i møte med mellom anna demografiske endringar.
– Kommunar og fylkeskommunar må gjere gode prioriteringar og ha god økonomistyring for å halde balanse i kommuneøkonomien, avsluttar Skjæran.













English (US)