Vennegjengen til Lene er organisert: – Speler ei stor rolle for at eg har blitt så lenge

3 weeks ago 13



Distriktskommunane slit med tilflytting og fråflytting. Særleg gjeld det i Nord-Noreg.

Men i Sortland i Vesterålen blir dei fleire.

Her var det i fjor ein netto tilflytting på 66 personar i 2023, ifølge SSB. Det betyr at fleire menneske kom og blei, enn dei som flytta vekk.

Ein av årsakene meiner tilflyttarane sjølve er eit nettverk av tilflyttarar kalla «Link Vesterålen».

En gruppe med unge jenter siter på café og prater med hverandre.

For tilflyttarar som ikkje kjenner staden frå før, meiner Lilian Hatling frå Distriktssenteret at det er ekstra viktig å få eit nettverk og bli ein del av lokalsamfunnet.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Når ein flyttar til ein heilt ny stad er ein nesten avhengig av å bli kjent med nye menneske for å trivast, seier Lene Tronerud som har flytta til Sortland.

Rådgivar for distriktskommunane meiner kommunane kan bli flinkare til å fokusere på dei som blir, i staden for dei som drar.

– Speler ei stor rolle for at eg har blitt så lenge

Lene Tronrud kjem eigentleg frå Oslo-området. Men for eit par år sidan fekk ho jobb i Sortland, ein by med om lag 5000 innbyggarar.

Ganske fort blei nettverket av tilflyttarar «Link Vesterålen» viktig for ho.

– Vi har hatt «sip and paint». Vi har hatt Abba-kveld og frisbeegolf, og det skjer ein del framover også.

Lene Tronrud har en rutete grå, hvit og gul genser og langt lyst hår. Hun ser litt til høyre for kamera. På utsiden av vinduet hun sitter foran er blått hav og fjell.

Lene Tronrud seier nettverket har vore viktig for å ikkje kjenne seg åleine om einsam då ho flytta til ein heilt ny plass der ho ikkje kjente nokon.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Kva dei finn på er opp til medlemmane.

– Hadde du blitt så lenge som du har, om det ikkje var for «Link Vesterålen»?

– Det hadde eg ikkje. Då trur eg at eg hadde blitt litt åleine. Det speler ei stor rolle for at eg har blitt så lenge.

Nettverket har gitt ho vennar også utanfor arrangementa.

Emma Louise Norheim Ridderseth har sort genser, rutete skjerf, blå øyne og brunt halvlangt hår. Hun ser litt til høyre for kamera og smiler. I forkant er en kopp med kakao.

Emma Louise Norheim Ridderseth er glad i Nord-Noreg og kunne tenke seg å bu i landsdelen. Men ho ville gjerne teste det litt ut før ho tok valet.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Og det er ikkje berre nye tilflyttarar i nettverket. Emma Louise Norheim Ridderseth har flytta heim for å jobbe i kommunen samstundes som ho skriv master på Universitetet i Oslo.

Nettverket har vore viktig for ho òg:

– Eg trur det kan vere veldig viktig å vite at ein enkelt kan bli kjent med unge folk som er tidleg i karrieren sin og som har lyst til å finne på ting saman.

– Fokuserer meir på dei som drar enn dei som kjem

Lillian Hatling, seniorrådgivar i Distriktssenteret, eit kompetansesenter for utvikling av distrikta, er ikkje overraska over at tiltaket i Vesterålen har fungert.

– Dette handlar om å vere eit 24-timars menneske. Du skal ha meir enn eit hus og ein jobb til å trivast ein stad, seier ho.

Lillian Hatling, seniorrådgivar i Distriktssenteret har mørkt kort hår og blå øyne. Hun smiler til kamera foran en hvit vegg og har på seg en blå dongeriskjorte.

Lillian Hatling, rådgivar i Distriktssenteret seier kampanjar frå kommunane fungerer i mindre grad enn å få tips frå folke ein identifiserer seg med.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Burde dette ha vore noko som blei ordna regionalt eller nasjonalt?

– Eg trur det blir aller best viss slike tiltak er lokalt forankra og initiert. Det må vere nokon i spissen som er tett på, og ser kva moglegheiter det er.

Kommunar ordnar det på anna vis òg. I nokre kommunar er det etablert nettverk frå næringslivet for unge. Andre har liknande ordningar på eit kommunalt nivå.

– Det finst kommunar med tilflyttartenester og tilflyttarvertar. Men det er ikkje sikkert tiltaket blir best om det kjem frå ein kommunal stilling.

Broa fra Hinnøya over til Langøya hvor Sortland ligger under gul og rosa himmel.

I Sortland kommune var det ein netto tilflytting på 66 personar i 2023, ifølge SSB. Det betyr at fleire menneske kom og blei, enn dei som flytta vekk.

Foto: Torgeir Sørensen / Torgeir Sørens

– Dei som er i målgruppa sjølv veit kva dei sakna då dei kom.

Rådgivaren seier kommunane ofte fokuserer meir på dei som drar frå kommunen enn dei som kjem. Det prøver Distriktssenteret å gjere dei merksame på.

– Å ta vare på dei som kjem kan ha større effekt på folketalsutviklinga enn forsøk på å lokke heim utflytta ungdommar og barnefamiliar.

Arbeidsgivar bør legge til rette

Angelica Remmen er styreleiar i «Link Vesterålen». Då ho flytta heim, jobba ho i eit rekrutteringsselskap og hadde studert tilbakeflytting. Difor var dette eit prosjekt som engasjerte ho.

– Før Link Vesterålen sakna folk å ha nokon å dra på kafé, på shopping, feire 17. mai eller bursdagen sin med til dømes, seier Remmen.

– Det var rett og slett for å ha nokon å henge med. Å skape ein vennegjeng litt påtvinga på ein måte.

Angelica Remmen, styreleder i «Link Vesterålen» har sort lue, briller og lyst langt hår. Hun sitter med sort jakke på foran et vindu. Utenfor synes blått hav og et fjell.

Angelica Remmen fortel at ho har erfart at næringslivet ofte er interessert i å støtte opp om arrangementa: – Dei slit jo med rekruttering og få nok folk i arbeid. Difor er dei ofte veldig villig til å hive seg med.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Kva er det eigentleg som krevst?

– Det krev jobb og at ein held ut, og kanskje at ein har ein arbeidsgivar som er fleksibel og gir deg moglegheita til å bruke litt av arbeidstida på dette.

I starten reiste Angelica rundt åleine i nesten eit år i regionen og sat i gang arrangement. Noko skjedde på dagtid, mykje på ettermiddag, kveld og helger.

Flere unge mennesker kjøper inn til taco i en remabutikk.

Medlemmane av Link Vesterålen har gjort mykje forskjellig saman. Denne dagen skal dei lage middag saman. Tidlegare har dei gått i badstove, spelt frisbeegolf og vore på restaurant for å nemne noko.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Hatling i Distriktssenteret meiner kommunar bør støtte tiltak slik som «Link Vesterålen», anten økonomisk eller ved å legge til rette i arbeidslivet.

Då meiner Remmen det er overkommeleg for andre å lage liknande organisasjonar sjølv, andre stader.

– Er ein to-tre stykkar som ser eit behov for det er det berre å setje i gang å invitere inn. Ein treng ikkje meir enn det.

Publisert 12.11.2024, kl. 11.53

Read Entire Article