Vil bystyret avvikle togtilbodet?

1 month ago 21



Det politiske fleirtalet på Sørlandet og i Kristiansand har lenge prioritert veg framfor tog. Spesielt har politikarane kjempa for fire felts motorveg for 110 km/t.

Kristiansand blir ein fattigare og mindre attraktiv by utan togtilbod. Foto: Tormod Flem Vegge

Togtilbodet får gjerne positiv omtale i festtaler om natur og klima, men hamnar langt nede på prioriteringslistene. Det nye no er at toget blir radert heilt ut av oversikten over prioriterte tiltak.

Formannskap i Kristiansand behandla nyleg satsingsområde for Region Kristiansand. På samferdselssektoren såg prioriteringslista frå kommunedirektøren slik ut:

  • Firefelts motorveg gjennom Agder E 18 / E 39

  • Ytre ringveg Kristiansand E 18 / E 39

  • Effektiv kryssløysing for Ytre ringvei og RV 9

  • Utviding av RV 9 frå Kristiansand sentrum til Støleheia

  • FV 460 Lindesnes

Sørlandsbana glimra med sitt fråver.

I møtet blei det fremma forslag om å ta med Sørlandsbana på prioriteringslista. Forslaget omfatta både nødvendig vedlikehald og det meir langsiktige kravet om å jobbe for samankopling mellom Sørlandsbana og Vestfoldbana. Men begge forslaga blei nedstemt med Høgre og Frp i spissen. Derimot blei det fleirtal for å legge til eit nytt vegprosjekt på prioriteringslista.

Alle som reiser med tog, veit at det er eit skrikande behov for vedlikehald på Sørlandsbana. Seinast denne veka var det ei avsporing som skapte store problem. Moderate utbetringar kan dessutan auke kapasiteten for godstransport og redusere reisetida. Når fleirtalet i formannskapet avviser å arbeide for betre vedlikehald, så er det eit kraftfullt signal. Det er i realiteten å vise at ein er innstilt på å legge ned Sørlandsbana om nokre år.

Tog er ein klimavenleg og behageleg reisemåte. Kristiansand blir ein fattigare og mindre attraktiv by utan togtilbod. Tungtransporten vil bli pressa over på veg med større fare for ulukker, auka klimautslepp og forureining blant anna frå bildekk. Behovet for arealkrevjande og miljøøydeleggande vegutbygging vil auke.

Fleirtalet i formannskapet med Høgre og Frp i spissen har gitt eit klart signal om at dei ikkje vil arbeide for at Sørlandsbana skal leve vidare. Det vil bli lagt merke til sentralt. Andre regionar står klare til å ta imot meir midlar til jernbanesatsingar. La oss vone at stemninga snur i bystyret. Alternativet er avvikling av eit godt og miljøvenleg transporttilbod.

Read Entire Article