Vipers valsa over Molde i cupfinalen med ny scoringsrekord

2 days ago 10



I cupfinalen i Jordal Amfi laurdag var det aldri i tvil om kven som skulle stikke av med NM-tittelen.

Molde gjekk aggressivt til verks og leia med to mål heilt i starten. Men ti minutt ut i kampen sette Vipers inn ei ekstra gir. Derifrå såg dei seg aldri tilbake.

– Det var forventa og veldig fortjent at Vipers vinn, oppsummerer NRKs handballekspert Peder Langfeldt.

Ny scoringsrekord

Halvvegs i første omgang leia Katrine Lunde, Nora Mørk og co. 13-6. Til pause stod det heile 22-8.

Molde, som var i sin første cupfinale, klarte ikkje å stikke kjeppar i hjula for sigersvande sørlendingar.

Andre omgang vart ein rein transportetappe for Vipers.

Klubben vann til slutt 38-20.

Det er betyr ny scoringsrekord i ein cupfinale. Larvik scora 37 mål då dei slo Stabæk 37-13 i 2011.

Dette var altså Vipers sitt femte NM-gull. Det er framleis lang veg opp til Larvik si merittliste i cupen. Dei har vunne heile 17 gonger.

QP_aonT7-3w

Molde-supporterar under cupfinalen i Jordal Amfi.

Foto: Christoffer Andersen / NTB
Wa2YWCz-l6A

Ana Debelic blir spelt gjennom Molde-forsvaret og set ballen i mål for Vipers.

Foto: Christoffer Andersen / NTB
LLEavstg0cA

Nora Mørk i kjend stil for Vipers.

Foto: Christoffer Andersen / NTB
uzB7SDdzqzk

Elise Skinnehaugen og Molde vart fleire nummer for små i cupfinalen mot Vipers.

Foto: Christoffer Andersen / NTB
Vipers Isabelle Gulldén i aksjon under NM-finalen i håndball for kvinner mellom Molde Elite og Vipers Kristiansand på Jordal Amfi

Isabelle Gulldén og Vipers vann enkelt mot Molde i cupfinalen.

Foto: Christoffer Andersen / NTB

Hektisk Vipers-periode

Vipers Kristiansand er inne i ein særs hektisk periode.

Dei er i semifinalen i sluttspelet, der Molde også er motstandar. Vipers vann den første av tre semifinalar.

I tillegg er klubben klar for semifinale i meisterligaen for andre år på rad. I fjor vann sørlendingane meisterligaen.

Før cupfinalen: Vipers - Molde 17:58

Read Entire Article