Det blei ein tett kamp mellom Dorothea Wierer og Sonja Leinamo under normaldistansen i Östersund.
– Det kan bli ein finsk sjokksiger! Det blir iallfall ein pallplass på Leinamo, her, sa NRKs Torgeir Bjørn i det den finske løparen kryssa målstreken.
Men ut i løypa jakta meritterte Dorothea Wierer siger.
Italienaren kom i mål berre tre sekund framfor finske Leinamo. Franske Camille Bened hamna på tredjeplass.
– Eg blei litt overraska, fordi eg følte med litt sjuk i dag tidleg. Men det er villt bra, seier Wierer til NRK.
Leinamo, som hamna på andreplass, hadde ein 8. plass som sitt beste resultat før sesongens fyrste individuelle verdscuprenn.
Krevjande forhold skapte trøbbel for dei norske kvinnene.
– Det varierer frå heilt vindstille, perfekte skyteforhold, til fem-seks sekundmeter, sa NRKs ekspert Ola Lunde før start.
Men det såg lenge lyst ut for Ingrid Landmark Tandrevold. Etter tre seriar, hadde ho berre ein bom.
På den siste skytinga fekk Tandrevold to bom, det heldt ikkje til noko pallplass.
– Vinden gjekk litt fram og tilbake. Det kjente eg på fyrste liggande. Dei millimeterane kjenner ein på ein normal. Men slik trur eg det er for alle, seier Tandrevold til NRK.















English (US)