– Når det ikkje er plass nok på vegane, så det er jernbanen som kan binde det betre saman, seier Jonas Skrettingland i Næringsforeningen i Stavanger-regionen.
Dobbeltsporet frå Stavanger til Skeiane i Sandnes opna for 15 år sidan, i 2009.
I år og dag har det vore snakk om å halde fram med to togspor sørover til Nærbø langs Jærbanen og starten på Sørlandsbanen.
Så har det vore ganske stille.
På stasjonane langs Jærbanen er det to spor slik at møtande tog kan passere kvarandre. Men dobbeltsporet der toga kan møtast kor som helst, stoppar ved Skeiane i Sandnes. Her frå Sandnes. Også kommunane Klepp, Time, Hå, Egersund og Stavanger er med i arbeidet.
Foto: Ole Andreas Bø / NRKMen det er likevel blitt brukt ein del pengar på fem år. Bane Nor stadfestar at det i 2019 blei sett av om lag 100 millionar kroner til planlegging.
Rogaland fylkeskommune og seks kommunar har til saman spytta i 21 millionar. Jernbanedirektoratet har gjennom Bane Nor betalt resten.
- Men da Nasjonal transportplan for 2025–2036 kom i mars, var det berre fleire togavgangar som sto på planen. Ikkje meir dobbeltspor.
Og framleis er det altså ikkje lagt ei einaste jernbanesville.
– Jærbanen er pressa til det ytste
Tidlegare i desember hadde Næringsforeningen møte med kommunane og fylkeskommunen. Målet var å «å få løfta jernbaneutbygging i denne delen av landet, slik at ikkje all utbygging går til det sentrale Austlandet.»
Jonas Skrettingland har vore ordførar i Hå, kommunen der dei vil at dobbeltsporet skal slutte på Nærbø. Nå jobbar han i Næringsforeningen i Stavanger-regionen.
Foto: Anders Fehn / NRKPengane kan vise seg å bli bortkasta viss ein ventar for lenge, meiner Skrettingland. Ein har fått kommunedelplanar langs strekninga til Nærbø, så arealbehovet er bestemt. Men dei varer ikkje evig.
– Du kan risikere at planarbeidet må bli gjort på nytt, seier han.
I 2023 blei det gjort over 5 millionar reiser med Jærbanen. I første halvår i år gjekk passasjertala opp 25 prosent til. Og i oktober gjorde Go-Ahead stas på passasjer nummer 20 millionar sidan dei tok over for NSB i 2019.
- Ingen hadde like stor passasjerauke. I blant er det så fullt hos Go-Ahead på Jærbanen at det kan vere vanskeleg å komme seg ut.
Med to spor kan toget gå oftare, slik at fleire får plass.
– Jærbanen er pressa til det ytste. Det skal kombinerast med godstrafikk, peikar Skrettingland på.
Pendlaren: – Dobbeltspor mange plassar
Ein av det som merkar at det er trongt kvar dag, er Eirik Hovland. Han er aktiv i Pendlarar på Jærbanen på Facebook, og han tar tog mellom Egersund og Jåttåvågen i Stavanger.
– Det blir bygd dobbeltspor ganske mange plassar i landet no. Så at Jærbanen er fullstendig fråverande frå lista av prosjekt, er jo ganske graverande, meiner han.
Eirik Hovland tar tog mellom Egersund og Jåttåvågen i Stavanger kvar dag.
Foto: Åse Karin Hansen / NRKHan har lese i avisa at jernbanen og elektronikken er frå 60-talet. Pendlaren er redd ein må bruke meir på å fikse opp, jo lenger ein ventar.
– Det er eit ganske alvorleg etterslep. Det kjem til å koste mykje å halde ved like noko som er så gammalt. Det er mykje betre at ein har ein langsiktig plan, seier han.
Togpassasjer Bothild Åslaugsdotter Nordsletten har dokumentert kor fullt det kan vere på Jærbanen, kor 25 prosent fleire tok toget første halvår i år.
Foto: Bothild Åslaugsdotter NordslettenBane Nor: Ikkje bekymra
Erik Pascal Johansen er prosjektsjef for dobbeltspor mellom Skeiane og Nærbø i Bane Nor. Han seier at alle pengane ikkje er brukt opp, og han er heller ikkje uroa over at arbeidet kan vere bortkasta.
– Arbeidet har bidratt til å avklare arealbehov i kommunane, seier han, men han er elles einig med pendlar Hovland.
Pengane er brukt til seismiske og fleire andre undersøkingar av jorda der sporet skal byggast. Grunnarbeidet var ein førebuing til nye kommunedelplanar i dei fire kommunane Sandnes, Klepp, Time og Hå.
Pengane er både brukt til eksterne selskap og av Bane Nor sjølv. På det meste jobba 20 personar med prosjektet i Bane Nor.
Men førebels altså ikkje med jernbanesviller eller spor.
– Det er synd at Noreg AS ikkje prioriterer dette. Jærbanen er ein god bane, seier han, og viser til passasjerauken.
Publisert 17.12.2024, kl. 18.07