12 politifolk er drepne på jobb sidan krigen

4 months ago 63


Det gjeld alle slags forhold, også dei som har blitt drepne i trafikken, opplyser Sigve Bolstad (Sp), statssekretær for Justisdepartementet.

Det var natt til laurdag at politiet blei varsla om ein trusselsituasjon på Klepp. Tre personar blei trefte av skot i ei skotveksling mellom politiet og mistenkte, ein mann i 40-åra.

Ein polititenesteperson i 20-åra og den mistenkte døydde som følge av hendinga.

Totalt har 12 politifolk i Noreg blitt drepne på jobb sidan andre verdskrig.

Tidlegare politidrap

Sist gong ein polititenesteperson blei drepen i teneste, var i Mo i Rana i 2010. Olav Kildal var på eit rutineoppdrag då han utan førevarsel blei stukken fleire gonger med kniv og døydde momentant.

I april 2008 blei UP-betjent Gunnar Angeltveit påkøyrt av ein eldre mann i bil på E39 i Masfjorden nord for Bergen. Angeltveit døydde, og mannen blei dømd for aktlaust drap.

I 2004 blei politiførstebetjent Arne Sigve Klungland skoten og drepen under Nokas-ranet i Stavanger.

Kollega Tor Odd Løhre spilte Amazing Graze på kornett under bisettelsen av Arne Sigve Klungland i Domkirken i Stavanger i 2024.

Kollega Tor Odd Løhre spelte «Amazing Grace» på kornett under gravferda til politiførstebetjent Arne Sigve Klungland i Domkyrkja i Stavanger i 2024.

Foto: Alf Ove Hansen / SCANPIX

I mars 1998 blei lensmann Sigurd Wang i Herøy og Dønna, og lensmannsførstebetjent Trond Kristian Kirkeby i Sandnessjøen drepne på Austbø i Nordland.

I 1990 blei politioverkonstabel Arne Andreas Mæland skoten og drepen under eit oppdrag om husbråk i Stavanger.

17 har blitt treft

Også i 2023 blei ein politibetjent treft av skot. Då vart ein polititenestemann skoten i brystet i Stavanger, under ein skotveksling med ein mann i 40-åra som hadde teke ein bilførar som gissel.

Tenestemannen vart treft i den skotsikre vesten, og kom frå hendinga utan alvorlege skadar.

Politiskyting i Stavanger

Kulehol i frontruta på bilen til mannen som var involvert i skotvekslinga med politiet i Stavanger i 2023. Mannen, som var i 40-årsalderen, døydde av skadane.

Foto: Øystein Otterdal

På spørsmål frå Politiforum, opplyser Politidirektoratet (POD) at dei ikkje har ei nasjonal oversikt over tenestepersonar som har blitt skotne i tenesta.

Men, ei kartlegging Politiforum har gjort, viser at minst 15 polititenestepersonar har blitt treft av skot i teneste sidan 1990.

I tillegg til dei to tenestemennene som vart skotne natt til laurdag, er det totale talet 17 personar dei siste 25 åra. Fem av desse døydde.

Truslar mot politiet

Tilsette i politiet opplever omfanget av vald og truslar mot politiet som aukande, viste ei undersøking publisert av Politiforum i januar i år.

Samtidig har talet på meldingar om vald og truslar mot politifolk gått litt ned frå 2022 til 2023.

I 2023 vart det meldt inn 1667 tilfelle av vald og 862 tilfelle av truslar mot polititilsette.

Tidlegare statsminister Erna Solberg (H) fortel om ei utvikling i Noreg dei siste åra, der kriminaliteten har blitt råare og meir brutal.

Høyre-leder Erna Solberg

Høgre-leiar Erna Solberg meiner truslane mot politiet er uakseptable.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

For å nedkjempe dette meiner ho at me er heilt avhengige av dyktige politifolk som går på jobb kvar dag, for din og min tryggleik.

– Politifolk sjølv rapporterer om at dei opplever meir truslar og meir vald i sin jobbkvardag. Det er heilt uakseptabelt, og ein trend me er nøydde til å snu. Politiet fortener stor respekt og takk for jobben dei gjer på vegner av samfunnet, seier ho.

Ønsker allmenn væpning

Diskusjonen om væpning av politiet har vore eit tilbakevendande tema i Noreg.

Fleire av dei drepne polititenestemennene var væpna på tidspunktet for hendinga, noko som har ført til debatt om politiet sin tryggleik og behovet for væpning.

Eit ekspertutval leverte i 2022 ein rapport der eit fleirtal anbefalte allmenn væpning av politiet.

– Fleirtalet grunngjev sitt syn med at dagens væpningsmodell ikkje er tilstrekkeleg til å møte trusselbildet slik dette er skildra i kunnskapsgrunnlaget, sa utvalsleiar Pål Arild Lagestad.

Bevæpnet politi i Oslo

Væpna politi i Oslo i 2022.

Foto: Geir Olsen / NTB

I 2024 snudde også politimeisteren i Oslo, Ida Melbo Øystese, i spørsmålet om politiet alltid skal bere våpen.

Ho peikar på at politiet i Oslo i gjennomsnitt har væpna seg ti gonger dagleg i 2024, og meiner at allmenn væpning er naudsynt for å sikre rask respons i kritiske situasjonar.

– Krev politisk handling

Politidirektør Benedicte Bjørnland seier at dagen i dag ikkje er rett tidspunkt for å diskutere behovet for ei lovendring som vil opne for ei allmenn væpning av norsk politi.

Politidirektør Benedicte Bjørnland

Politidirektør Benedicte Bjørnland.

Foto: Terje Pedersen / NTB

– Ein tenestemann er skoten og drepen i tenesta natt til laurdag – tenestepersonane var væpna i dette tilfellet. Allmenn væpning reiser andre spørsmål som er vanskelege og som til sjuande og sist krev politisk behandling, seie ho til NRK.

Ho legg til at det ikkje er nokon hemmelegheit at Politidirektoratet har tilrådd allmenn væpning i deira høyringssvar til Maktmiddelutvalet si rapport våren 2023.

Sigve Bolstad, statssekretær for justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl, seier at væpning av norsk politi er ein «prosess i vurdering som føregår».

– Det er sett ned eit programutval i kjølvatnet av nokre av dei hendingane som har vore internasjonalt og nasjonalt dei siste åra. Dette er ei vurdering eg trur dei respektive partia (regjeringspartia) vil ta opp på nyåret, seier han.

Publisert 29.12.2024, kl. 12.23

Read Entire Article