33 år gamle Nielsen fekk aleine over 4400 personlege stemmer, langt foran dei andre grønlandske toppkandidatane.
Det liberale opposisjonspartiet Demokraterne (Demokraatit på grønlandsk) ligg an til å bli største parti med 30,1 prosent av stemmene.
– Vi er klare til å snakke med dei øvrige partia, seier nestleiar Anna Wangenheim til NRK.
Demokraterne blir omtala som eit sosialliberalt parti.
Dei jobbar blant anna for sjølvstende frå Danmark, kutt i offentleg sektor og fri marknadsøkonomi og konkurranse.
Trump og sjølvstende
Det blei avlagt i overkant av 40.000 stemmer i valet, som har fått ekstra mykje merksemd denne gongen.
Spørsmåla rundt sjølvstende frå Danmark og Donald Trump sitt ønske om å kjøpe landet, har prega valkampen.
Den unge partileiaren tek til orde for ein «roleg kurs» mot USA og ønskjer heller ikkje å stresse fram lausriving frå Danmark.
– Grønland treng at vi står saman, så det blir utgangspunktet for forhandlingane våre, seier Nielsen til Danmarks Radio.
Vil møte andre parti
Han og Demokraterne vil no snakke med dei andre partia etter at dei sikra valsigeren.
– Vi strekk ut handa til alle, og vi er klare til å møte dei andre partia, det treng landet vårt, seier Nielsen.
Eit anna opposisjonsparti, Naleraq, ligg an til å bli det nest største partiet etter valet.
Regjeringspartiet Inuit Ataqatigiit er valets store tapar. Dei gjekk frå over 36 prosent i 2021 til litt over 21 prosent denne gongen.
Publisert 12.03.2025, kl. 05.19