Politiet melder at det førebels er ukjent om personar er tekne av skredet. Skredet skal ifølgje politiet gått i sjølve skianlegget. Skredet skal vere mellom 40 og 50 meter breitt, og kring 100 meter langt.
Operasjonsleiar Dan Erik Johannessen ved Vest politidistrikt seier at det ikkje er gjort observasjonar av at nokon er tekne av skredet. Ingen skal vere meldt sakna heller.
– Mannskap frå skianlegget sin skipatrulje på staden. Dei har søkarutstyr med seg. Det blir arbeidd med å avklare om nokon er tekne, seier operasjonsleiar Dan Erik Johannessen ved Vest politidistrikt.
Alle naudetatar og aktuelle samarbeidspartnarar er på veg mot staden. Voss Røde Kors Hjelpekorps opplyser at dei har ute ei snøskredgruppe på skredet.
– Vi har også frivillige med kompetanse på det som har med snøskred å gjere på plass. Det er framleis store ressursar på veg mot staden, seier Johannessen.
Det er gult farevarsel for snøskred i store delar av Vestland i dag. Ifølgje politiet skal det ikkje vere stor fare for nye skred.
Publisert 23.12.2024, kl. 11.13 Oppdatert 23.12.2024, kl. 11.50