Adela vil at foreldre skal ha skjermtid – det er ho ikkje åleine om

17 hours ago 2


– Mamma er litt mykje på telefonen, seier 11 år gamle Adela Marie Solvik.

Sjølv prøver mora å regulere hennar skjermbruk.

Men 11-åringen meiner at det burde også gjelde for dei vaksne.

– Eg synest det er litt dumt, foreldre burde også ha skjermtid, seier ho.

Det er mora også einig i.

– Ein merkar at ein sit mykje med ansiktet ned i telefonen. Og det går ut over kor mykje ein er til stades, seier Julie Madelen Solvik, mamma til Adela.

skjermtid for vaksne

Julie Madelen Solvik (30) regulerer skjermtida til dotter si. Men når det gjeld hennar eigen bruk, kan det til tider vere vanskeleg å legge frå seg telefonen når det er det alt skjer.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Barn i fersk undersøking: Legg vekk mobilen

Som mor prøver ho å vere lite på skjerm, sjølv om ho merkar at det kan vere vanskeleg.

– I samfunnet vårt i dag skjer nesten alt på skjerm.

Kva tenker du om skjermtid for foreldre?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

Også barneombod Mina Gerhardsen har merka seg utviklinga. Ho viser til den ferske undersøkinga Barnebarometeret (ekstern lenke), der meldinga frå barn til vaksne er tydeleg: Legg vekk skjermen.

– Vi har i ei årrekke diskutert barns bruk av skjerm. Men denne undersøkinga viser at foreldre sjølv ikkje greier å legge frå seg skjerm og mobil når dei er samen med barna, sa Gerhardsen da undersøkinga vart lagt fram.

Barneombud Mina Gerhardsen

Barneombod Mina Gerhardsen meiner vaksne skal lytte til ungane sine når dei seier foreldre er for mykje på skjerm.

Foto: Alexandra Gjerlaugsen

Nyleg kom dei nye råda for skjermbruk.

Der er eit av råda at vaksne bør redusere skjermbruk når dei er saman med barna.

– Mitt inntrykk er at barna vil at foreldre skal bruke mindre skjerm. Og foreldre vil at barna skal bruke mindre skjerm. Medan techgigantane vil at alle skal bruke mest mogleg skjerm, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap).

en person i hvit skjorte

Kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun (Ap) kjempar for blant anna å få ei aldersgrense på sosiale medium. Ho ønsker også at både foreldre og barn skal bruke mindre skjerm.

Foto: Rodrigo Freitas / NTB

– Foreldre må vere til stades

– Det er viktig å vise barna at dei er viktige for deg.

Det seier Marte Selseng-Hagland, som er leiar for kommunalt foreldreutval i Stavanger.

Dei støttar barnas ønske.

– Barna må ha foreldre som er meir til stades, og vi ser at ungane søker blikket deira og ser om foreldra får med seg ting, seier Selseng-Hagland.

Marte Selseng-Hagland Leder Kommunalt foreldreutvalg i Stavanger

Marte Selseng-Hagland er leiar for kommunalt foreldreutval i Stavanger og støttar forslaget til barna.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

Ho peikar også på at ungane kjenner seg avvist og ignorert når foreldra brukar skjerm.

– Ungane sjølv etterlyser mindre skjermbruk for vaksne, og det er noko vi ønsker å jobbe meir med, for å få auka engasjementet.

Leiaren understrekar at det ikkje vil seie å kutte ut alt av skjermtid.

– Men ver til stades med ungane når ein er med dei.

– Ikkje lyg

Heime i Stavanger er både mor og dotter einige i at ein bør legge vekk telefonen når ein kan.

skjermtid for vaksne

Særleg når dei ser på film saman kan Adele synest det er kjedeleg om mamma sjekkar telefonen.

Foto: Fride Audunsdotter Westvik / NRK

For i situasjonar der mamma hennar er på telefonen, synest Solvik at det vert stille og kjedeleg.

Og ho har ei oppfordring til foreldre.

– Om ein seier at ein jobbar når ein er på telefonen, ikkje lyg. Berre sei det som er sant, det trur eg er betre, seier Solvik bestemt.

Publisert 13.06.2025, kl. 21.00

Read Entire Article