Den amerikanske marinen har vore hovudmistenkt etter fleire «mystiske» søppelfunn langs kysten dei siste vekene.
Nå erkjenner amerikanarane at plastbeger frå «Kellogs», «Lucky charms» og «Cherrios» er deira ansvar.
– Vi trur at fleire pallar berekna på USS Harry S. Truman fall i Nordsjøen under flytting mellom skip på grunn av ein utstyrssvikt, skriv presseoffiser Tim Gorman i ein e-post til NRK.
Han skriv vidare:
– Dessverre klarte vi ikkje å hente opp dei tapte pallane, og vi beklagar at innhaldet hamna på den urørte norske kysten.
Les heile uttalen lengre ned.
Naturvernforbundet: – Forventar at dei også sørger for opprydding
Bjørn Arild Gram (Sp) blei sist veke oppfordra av Stortinget til å ta opp saka med dei amerikanske kollegaene sine.
SV gjekk enda eitt steg, og meinte politiet var rette instans – for brot på forureiningslova.
– Eg ventar at han gir klar beskjed om at det ikkje er greitt å bruke havet vårt som søppelplass, sa stortingsrepresentant for Venstre, Alfred Bjørlo.
Nå gleder han seg over den siste omdreiinga:
– Eg er glad for at dei legg seg flate og lovar å gjere det dei kan for at det ikkje skjer igjen – for denne typen hendingar er ikkje akseptable.
Han legg til:
– Og så vil eg rette ein stor takk til alle frivillige som har stått på for å rydde opp – jobben dei gjer er uvurderleg.
Frå Kristiansand. Foto: H. Skiffard.
Frå Farsund. Foto: A. Grønsund.
Frå Askvoll. Foto: E. Torvanger.
Frå Lødingen, ved Offersøy i Lofoten. Foto: E. Petterson
Are S. Grønsund i Naturvernforbundet uttaler at «dette viser at det nyttar å forfølge saker som dette».
– I tillegg er eg glad for at det ikkje er snakk om rein dumping av avfall – men eit uhell, og at det amerikanske forsvaret er opne om kva som faktisk har skjedd.
Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen, supplerer:
– Det er bra dei tar ansvar. Nå forventar eg at dei også sørger for opprydding.
– Det er jo realt gjort. Og case solved. Veldig bra. Så må norske myndigheiter få nokon kritiske spørsmål om slike hendingar blir loggførte og følgde opp, seier Per-Erik Schulze.
Foto: NAturvernforbundetFeltrasjonar har ført til diplomatiske gnissingar
Dei siste vekene har NRK blitt tilsende bilde av plastbeger på eit utval strender heile vegen frå svenskegrensa i Østvold, via Askvoll på vestkysten og til Lofoten i Nord.
Ironisk nok skylde maten i land inn på same tid som amerikanske feltrasjonar stod bom fast i norsketollen.
Bakgrunnen er at det ikkje er rett fram å importere matvarer frå land utanfor EØS-området.
«Konteinar-gate» har ført til diplomatiske gnissingar mellom Noreg og USA, og løyste seg ikkje før norske myndigheiter lempa på reglane sist veke.
– Av omsyn til nasjonal tryggleik gjer vi eit unntak for reglane. Det er viktig at Noreg som vertsnasjon viser at vi kan ta imot allierte forsterkingar, uttalte Forsvarsdepartementet.
Presseoffiser Tim Gorman er innstilt på at «konteinar-gate» ikkje blir supplert med ein «frukost-gate».
– Den amerikanske marinen tar miljøvern på alvor. Vi beklagar dette og fortset å arbeide for å vere gode miljøforvaltarar i dei områda der vi opererer.
– Dei bør bla opp pengar til opprydding av søpla dei har mista. Dersom det er veldig vanskeleg å finne igjen akkurat denne søpla, bør dei betale ei klekkeleg bot som går til anna opprydding av søppel langs norskekysten, seier Lars Haltbrekken (SV).
Foto: Fredrik Varfjell / Fredrik Varfjell / NTBPublisert 21.01.2025, kl. 09.48