Amerikanske «FHI» har reinska nettsidene for «kjønnsideologi»

3 months ago 22


The Centers for Disease Control and Prevention (CDC) har fjerna store mengder informasjon og statistikk om hiv, lhbtq og seksuell helse på sine heimesider etter Trump-ordre.

CDC er tilsvarande Folkehelseinstituttet i USA og driv med nettopp forsking, statistikk, formidling og beredskap.

Dei tilsette ved CDC fekk ein e-post 29. januar frå leiinga i direktoratet over dei med tittelen «Defending Women».

 A general view of Centers for Disease Control and Prevention (CDC) headquarters in Atlanta

The Centers for Disease Control and Prevention (CDC) handhevar no Trumps ordre.

Foto: Tami Chappell / Reuters

Dette var også tittelen på ein av Donald Trumps første ordrar etter han blei innsett som president: «Defending women from gender ideology extremism and restoring biological truth to the federal government».

I rettleiinga står det mange ulike føringar for handheve ordren.

Store mengder data utilgjengeleg

I føringane står det at det amerikanske folkehelseinstituttet ikkje skal skrive om eller fremje «kjønnsideologi» og at dei skal fjerne alle nettsider og kontoar på sosiale medium som «promoterer» dette.

Fredag blei derfor fleire nettsider tatt ned.

Mellom anna desse, ifølge CNN:

  • Side om skeive barns risiko for sjølvmord.
  • Side som omtaler korleis skape trygge skular for skeive ungdommar.
  • Side om helseforskjellar blant LHBTQ-ungdom.
  • Side om tryggare matval for gravide.
  • Analyse-verktøy for kjønnssjukdommar.

Ifølge skrivet til CDC skal også instituttet også skru av alle funksjonar der tilsette kan oppgi føretrekte pronomen.

Trump january 31

Donald Trump gjekk i gang med å signere ei rekke presidentordrar då han blei president.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Fjerna også informasjon om hiv-testing

Noko av informasjonen som no er fjerna er statistikk over kven som har hivsmitte i USA. Dette inneber også statistikk over smitte blant minoritetar på tvers av alder og kjønn.

– Dette er svært skremmande, seier John Pellar, sjefen for AIDS Foundation i Chicago, til Reuters.

Ifølge nokre medium skal nokre av sidene om hiv ha blitt gjenoppretta. Ei lukka kjelde til CNN seier at det vil ta tid å endre språket, og at stoffet derfor vil vere utilgjengeleg ein periode.

Kva som blir endra, og kva som eventuelt kjem tilbake er enda uklart.

US First Lady Jill Biden hosts a Pride Month celebration

Det var ein annan lyd i pipa under Bidens presidentperiode. Her under Pridefeiringa på Det kvite hus i 2024.

Foto: SAUL LOEB / AFP

– Politikken kjem til å få negative konsekvensar for helsa til millionar av menneske frå ulike minoritetar.

Det seier Jacob Evje som forskar på helsetilbodet blant skeive ved Universitet i Oslo (UiO). Han kjenner ikkje til CDC men arbeidar sjølv med liknande datasett.

– Slike er essensielle for å kunne kartlegge sosiale skilnader mellom ulike grupper, spesielt blant ungdom som kan vere ekstra sårbare.

Kutta ut mangfalds-tiltak

Berre timar etter at USAs president Donald Trump blei innsett som president, skreiv han under på ein av sine mange presidentordrar der han beordra at USA berre ville anerkjenne to kjønn.

I same ordre fjerna Trump «DEI-programmet». DEI står for «Diversity, equity and inclusion» og er ulike tiltak for å sikre mangfald i både offentleg og privat sektor.

"Peoples March" 18.januar 2025 før innsettinga

18. januar, dagar før Trump blei innsett som president, gjekk fleire tusenar i tog for rettane til amerikanske kvinner, skeive og andre minoritetar.

Foto: MATTHEW HATCHER / AFP

Tidlegare denne veka oppfordra the National Insitute of Health (NIH) til å ikkje innføre ordren.

– Politikken vil føre til ei psykisk helse-krise for titusen av amerikanarar som bidrar i samfunnet vårt, sa NIHs Nate Brought.

Trumps ordrar kjem framleis på løpande band.

Denne veka signerte Trump nok ein ordre som avgrensa kjønnsbehandling blant LHBTQ-personar under 19 år. «Barbarisk medisinske inngrep», skreiv Trump på Truth Social.

– Det er djupt urettferdig å spele politisk spel med menneske sine liv og ta frå unge transkjønna, deira familiar og helsepersonell fridomen til å ta nødvendige avgjerder, sa Kelley Robinson.

Ho er presidenten for Human Rights Campaign (HRC) som er ein av USAs største skeive organisasjonar.

Publisert 01.02.2025, kl. 14.39

Read Entire Article