– Eg har fått mandelen fleire gonger. Det var litt rigga då eg var lita, men ikkje no lenger, seier Amanda Steinsvåg (16).
Ho går i 1. klasse på musikklinja på Stord vidaregåande skule. Dei har kosetime før jul, og mandelen hamnar tilfeldig i skåla hennar denne gongen.
Dei aller fleste i klassen har fått mandelen ein eller fleire gonger.
Anten med flaks eller styrt av vaksne.
– Mormor har sikkert rigga mandelen, men eg trur det også har vore tilfeldig, seier Sander Guest Aksnes.
Amanda Steinsvåg fekk mandelen i grauten, heilt tilfeldig. – Det var veldig gøy!
Foto: Eli Bjelland / NRKNesten halvparten riggar mandelen
42 prosent av dei som har mandel i grauten julaftan, passar på at det er barn som får mandelen.
Det viser ei undersøking Norstat gjorde for Opplysningskontoret for mjølk og meieriprodukt i 2018.
Men bør me rigga mandelen slik at barna vinn?
– Det enkle svaret er nei. At me stiller oss det spørsmålet, seier jo kanskje noko om kulturen me lever i, meiner psykologspesialist og forfattar Line Marie Warholm.
– Det er ikkje så farleg kva me gjer akkurat med den mandelen i grauten. Men som uttrykk for ein oppdragingskultur, så er det jo ganske alvorleg.
Warholm er uroa for at mange vaksne i dag er veldig opptekne av at barna ikkje skal få nokon negative eller ubehagelege erfaringar.
Og at dei ikkje skal bli lei seg.– Dei må også læra seg at det er heilt normalt å bli lei seg. For sånn er livet.
Psykologspesialist Line Marie Warholm har skrive fleire bøker, der ho blant anna gir råd til foreldre om korleis dei kan få robuste barn.
Foto: Astrid WallerMå tola å ikkje få mandelen for å bli robust
I kosetimen til musikklassen på Stord dukkar det opp ein mandel til.
Læraren har nemleg putta ein mandel også i den laktosefrie grauten, som berre Olene Jünger Arnesen et.
– Det er berre andre gongen eg får mandelen i mitt liv, så det var litt hyggeleg.
Ho sit ved sida av Benjamin Dahl, som aldri har fått mandelen.
– Det var alltid veslesøstera mi som fekk mandelen uansett. Men no er eg 16 år, og skal ikkje grina over ein mandel liksom. Men det hadde jo vore gøy å få han ein gong.
Benjamin Dahl tapte kampen om mandelen igjen. Olene Jünger Arnesen fekk mandelen i den laktosefrie grauten.
Foto: Eli Bjelland / NRK– Reglane må vera like
Familieterapeut Caroline Kristiansen Midtun i Bergen meiner spelereglane må vera like i jakta på mandelen i grauten.
– Det er mykje læring i det å ikkje alltid vinna. Me vaksne legg ofte føringar for at barna skal vera midtpunktet, og at me skal tilpassa situasjonane kvar gong. Då blir det også ei forventing som kanskje kan overførast i andre samanhengar, om at ein alltid skal vinna.
Familieterapeut Caroline Kristiansen Midtun meiner vaksne bør fokusera meir på leiken og spenninga rundt mandelen i grauten, og at det ikkje er så viktig å vinna.
Foto: Roy Hilmar Svendsen / NRK– Dullar me for mykje med dei?
– Eg trur kanskje me gjer det. Og med dei beste intensjonar.
Både Midtun om psykologspesialst Warholm trur det er fleire enn før som legg til rette for at barn får mandelen.
Er det rett å rigga mandelen slik at barn vinn?
– Lat barnet få sigeren!
Professor Lennart Lorås ved Høgskulen på Vestlandet har blant anna familieterapi som spesialfelt. Han er meir tilbøyeleg for å rigga mandelen.
– Livet er sjeldan ei einaste lang rekke med sigrar og «medvind» i håret. Jula er likevel ei høgtid spesielt barn har store forventingar til og der minne for livet blir skapte, seier han.
Også lærar Einar Steinkopf på musikklinja på Stord vedgår at han har rigga mandelen heime.
– Eg har vore involvert i litt slikt ja. Eg prøver i alle fall å syta for at det ikkje er ein vaksen som får han.
Lærar Einar Steinkopf syt for at alle stiller likt i kampen om mandelen denne dagen. Men som forelder, har han lagt til rette for at mandelen går til eitt av barna.
Foto: Eli Bjelland / NRKMen så var det den klassiske premien. Som oftast ligg det ein marsipangris i potten.
Ifølgje undersøkinga til Norstat har heile 71 prosent marsipangris som premie for mandel på julaftan.
Og det freistar ingen av 16-åringane NRK snakka med. Blant dei Anna Flatøy Thelen.
– Eg vann éin gong. Det var marsipangris, så den åt eg aldri.
Publisert 24.12.2024, kl. 07.45