Denne veka gjekk Innlandet fylkeskommune ut med ei åtvaring.
I Ottestad hadde dei funne ei snøhole like ved fylkesvegen.
Farane med ei snøhole så nære fylkesvegen er mange.
GRAVEN: Barna må finne andre stader å lage snøhole, seier fylkeskommunen.
Foto: Innlandet fylkeskommune– Det var ei sklie ned. Også var det ein tunnel inn. Det såg vi på som ein risikofaktor, seier Rune Hollekim.
Han er byggeleiar på driftskontrakt i Søndre Hedmarken for fylkeskommunen.
FARE: Brøytebilen har godt overblikk, men ser ikkje nødvendigvis barn inni snøholer eller når dei sklir gjennom ei snøhole.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKRett nedanfor sklia er ein gang- og sykkelveg som brøytebilen køyrer på.
Hollekim seier det er problematisk å ha snøhola der, som barn leikar i.
Sjølv om dei oppheld seg inni hola.
– Ein del snø blir kasta opp på kantane. Da er det fare for at ei sånn snøhole kan kollapse og falle over små barn. Det blei vi litt bekymra for, seier Hollekim.
TRAVELT: Rune Hollekim seier at dei jobbar med å flytte eller fjerne snøhaugar som hindrar trygg trafikk.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKVil ikkje øydelegge leiken
Da dei oppdaga snøhola, måtte dei øydelegge ho.
Trafikktryggleikskoordinator i Innlandet fylkeskommune, Arne Skybak, seier at det er bra at ungar er aktive om vinteren.
– Da må vi oppfordre foreldra og føresette til ungar, at ein ikkje gjer det inntil det er ein veg, seier Skybak.
SIKKERHEIT: Arne Skybak oppfordrar foreldre til å passe på kor barna grev snøhole.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKFylkeskommunen ønsker å køyre bort snøhaugane som svekker trafikktryggleiken.
Men ein veit sjeldan når denne bortkøyringa skjer.
– Viss nokre ungar leikar inni her når bortkøyringa startar, så er det veldig uheldig, seier Skybak.
Klar oppfordring til foreldre
Skybak ber privatpersonar også vere medvitne om sitt ansvar.
– Eigar av avkøyringar må halde høge brøytekantar og siktsoner opne, så ein ikkje får dårleg trafikksikkerheit der ein ferdast, seier Skybak.
BEREDSKAP: Fylkeskommunen er godt rusta på fortsettinga av ein vinter med variert vêr og føre.
Foto: Bjørnar Morønning / NRKSnøhaugen som står i Ottestad skal flyttast til ein annan stad.
Ny snø gjer nye moglegheiter for snøholer.
Trafikktryggleikskoordinatoren oppfordrar foreldra til å vere med å finne trygge snøholer.
– Sjå på moglegheita for å gå ein tur og ha med noko godt i sekken. Finn ein snøhaug som er litt lenger unna ein veg, og gjere det til ei fin oppleving der. Så kan ungane fortsette å leike i ein snøhaug innover neste veke og når det kjem mykje meir snø igjen.
Publisert 24.01.2025, kl. 18.40 Oppdatert 24.01.2025, kl. 19.05