– Vi har jamleg besøk av tjuvebandar, men vi har ikkje vore borti blekkpatron-tjuveri før, seier Mareno Lyngstad.
Han er sjef for tryggleiken på Amfi Moa i Ålesund, og var den som varsla politiet om tjuveria.
Som tryggleikssjef fangar han opp mange ulike tjuveri. – Vi ser tjuveri av elektronikk, merkeklede, parfyme, men vi ser også tjuveri av barberhøvlar og elektriske tannbørstar, seier Mareno Lyngstad.
Foto: PrivatDei fem personane frå Aust-Europa er dømde til fengsel i Møre og Romsdal tingrett, etter 19 ulike tjuveri ved Clas Ohlson-butikkar rundt store delar av Noreg.
På ti dagar i april i 2024 stal dei frå Steinkjer, Trondheim, Orkanger, Molde, Ålesund, Ørsta, Bergen, Arendal og Larvik (!).
På eit liknande raid to månader tidlegare blei Drammen, Hamar, Gjøvik og Farsund tømt for blekk.
Varene hadde altså ein verdi på i overkant av ein halv million kroner.
Tre av dei er dømde for tjuveri, og to menn er dømde for heleri. Tre tilstod då dei møtte i retten, medan to nekta. Den lengste straffa er fengsel i to år og 11 månader.
– Vi synest at det er ein solid dom, seier politiadvokat Mathias Häber til TV 2. Han har ikkje svart NRK.
Utanfor Amfi Moa i Ålesund ber to menn blekkpatronene som er stole.
Foto: Overvåkningsvideo / OvervåkningsvideoFann dei på video
Blekkpatronene blei stole og så sendt ut av landet, blant anna som postpakker til ein fetter av ein av dei dømde. Retten meiner tjuveria har eit profesjonelt preg.
Mareno Lyngstad, som er tryggleikssjef ved Amfi Moa i Ålesund fortel til NRK at ein tilsett ved Clas Ohlson i Steinkjer tok kontakt med dei etter blekkpatron-tjuveri der.
– Derfor venta vi litt på at dei kanskje kom til Ålesund, men dei kom ikkje. Dei hadde nemleg allereie vore her. Snart fekk vi telefon frå ein tilsett på Clas Ohlson Amfi Moa som fortalde at dei mangla blekk til rundt 15.000-20.000 kroner. Vi starta ein omfattande jobb med å gå gjennom videoovervaking for fleire dagar.
Tjuveria skjedde blant anna på Moa kjøpesenter i Ålesund. Tre av dei er dømde for tjuveri, og to menn er dømde for heleri.
Foto: Øyvind SandnesLyngstad fortel han og vekter-teamet fann ut at det var fleire tjuvar saman og ein bil sto parkert på utsida av kjøpesenteret sitt område. Videoopptaket som dei hadde sikra blei sendt til politiet.
– Dei siste åra har vi fått god kunnskap om korleis tjuvebandar jobbar og er organisert, seier Lyngstad.
Møre og Romsdal politidistrikt starta etterforsking, og blei kjent med at liknande tjuveri var meldt til politiet i andre politidistrikt, og begynte å sjå desse i samanheng.
Gjennom internasjonalt samarbeid fann politiet ut at hovudmannen har vore straffedømt både i Litauen, Italia og Storbritannia. Politiadvokat Häber meiner at saka er spesiell.
– Dette er fyrste gong gang eg har hatt blekktjuveri på tiltalen, men da vi arbeida med saka fekk vi inntrykk av at det faktisk er ein aukande trend i Europa, seier han til TV 2.
Politiadvokat Mathias Häber i Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Remi Sagen / NRKFleire år i fengsel
I dommen er ein mann i slutten av 30-åra dømt til fengsel i to år og 11 månader, ein mann i 30-åra er dømt til fengsel i to år og seks månader, medan ein tredje mann i starten av 30-åra er dømt til fengsel i to år og sju månader.
Desse tre er dømt for å ha drive med organisert omsetning av tjuvegods.
Forsvarar til han som er dømt i to år og seks månader, Ola Sønju Bårnes i advokatfirmaet Hasle, seier dei har ikkje gått gjennom dommen enda, men er ueinige i straffeutmålinga.
– Utgangspunktet for straff står fram som noko høgt og hans vilkårslause tilståing har ikkje blitt vektlagt tilstrekkeleg slik vi ser det.
Ein av dei andre forsvararane vil ikkje kommentere dommen no.
– Har ikkje hatt noko å gjere med tjuveria
I tillegg er ein mann i 30-åra dømt til fengsel i 120 dagar for aktlaust heleri, medan ein mann i 50-åra dømt til fengsel i 80 dagar.
– Min klient blei dømt for aktlaust heleri og har anka dommen. Han fastheld at han ikkje har hatt noko å gjere med tjuveria, seier forsvarar Lina Kliukaite Smorr.
Forsvarar Øyvind Bergøy Pedersen seier hans klient har tatt omtenkingstid etter dommen.
– Min klient blei frikjent for forsettleg heleri, som forventa. Han blei dømd for aktlaust heleri til fengsel i 120 dagar fordi han ifølgje dommen skulle undersøkt kva pakkene inneheldt då antalet steg.
– Dersom han hadde spurt ville svaret frå svogeren ha vore at dei inneheld kontorrekvisita som han hadde kjøpt og skulle selje vidare i sin nettbutikk. Retten meiner altså at han var aktlaus fordi han ikkje stilte eit spørsmål der svaret ville ha gjort at han ikkje var aktlaus, seier Pedersen.
I desember i fjor blei dei fem mennene tiltalt. No er dommen i Møre og Romsdal tingrett klar.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKPublisert 15.02.2025, kl. 20.42