Eit sikkert vinterteikn er barn kledd i ull frå topp til tå.
Men no går barnelege, spesialist i allergologi og instagramprofil Bente Kvenshagen ut mot ullbruken på norske barn.
På Instagram skriv ho at «Min lange medisinske erfaring har vist meg at mange – de fleste? – barn ikkje er tente med å ha ull inst mot huda»
Årsaka er kløe og eksem, utdjupar ho til NRK.
Familien Venjum på Hafslo i Sogn er blant dei som har kjent kløa og eksemen på huda.
Sjølv om gardestokken viser nesten -10 grader, brukar ikkje søskena ull inst mot huda.
– Fordi det klør! forklarar Randi (4).
Randi kler på seg før utedag i barnehagen.
Foto: Ingeborg Grindheim Slinde / NRKMamma Marianne Venjum har gått bort frå å bruke ull på borna sine på grunn av eksem og kløe.
Ho merka at kløen blei verre når det blei brukt ull, men det tok likevel litt tid før ho kutta det heilt ut.
– Det var veldig vanskeleg å ikkje bruke ull. Det er liksom forventa at ull er best, seier Venjum.
Lege: Mange erkjenner ikkje at huda er tør
Ifølge Kvenshagen er ull, dersom du ser det i mikroskopet, som piggtråd som rasper opp huda, og gir små hudskadar.
Desse små hudskadane kan tappe huda for væske, og gjere huda tørr og kløande.
Å kutte ut ull inst mot huda kan derfor vere med å førebygge eksem hos barn, ifølge henne.
– Eg har nokre barn som kjem med kløande eksem til meg, og berre ullklede blir fjerna frå huda deira forsvinn eksemen.
Brukar du ull innst mot huda?
Kvenshagen meiner at det er mange som ikkje erkjenner at dei har tendens til tørr hud.
– I mange tilfelle er huda noko tørr sjølv om foreldra seier barna har normalhud. I alle tilfella der det er antydning til tørr hud eller kløe, vil eg anbefale å unngå å bruke ull.
Ho rår foreldre heller til å bruke bomull eller bambus inst mot huda på barna.
Også KK og Dagbladet har skrive om meingane hennar om ull.
Gjeld i houvdsak atopisk hud
Hudlege Teresa Løvold Berents understrekar at det først og fremst er barn med atopisk eksem og sensitiv hud som reagerer med eksem på å bruke ull.
Ifølge henne kan eksem vere veldig plagsamt
– Det klør, og det kan føre til kloring og sår i huda, seier Berents.
Barn med atopisk eksem, har ein dårlegare hudbarriere. Det betyr at huda er ikkje er like tett og sterk som dei hudfriske, og at ting utanfrå lettare vil kunne irritere huda.
Mange bruke ull på barna sine.
Foto: Ole Andreas BøHos barn som ikkje har atopisk eksem, men synest ull klør, rår Berntes foreldra til å vureder andre klede.
– Hos barn som eigentleg er hudfriske, men syns ull klør, kan ein vurdere å ha noko anna inst til kroppen for å unngå ubehaget personen føler.
Gode alternativ til ull kan vere ull, bambus, eller silke, som har den same isolerande effekten som ull.
– Mange gode eigenskapar
Linda Haug Kollboten i ullprodusenten Safa seier at det tidlegare blei nytta ull frå norsk sau som er grov og kan opplevast som stikkande og kløande.
– No blir det nytte fine kvalitetar med høg mjukheitsgrad som merinoulla har.
Ho legg til at dersom nokon er sensitive eller allergikarar, må dei først finne ut kva dei reparere på.
– Ull har mange gode eigenskapar. Den held deg varm. og regulerer og transporterar ut fukt om du sveittar eller blir våt.
Varm utan ull
På Hafslo i Sogn er parkdressen zippa opp og skoa på.
Barna er klare for ein ny dag barnehagen i vinterkulda – utan ull.
Ivar er snart klar til ein ny dag i barnehagen.
Foto: Ingebrog Grindheim Slinde / NRKVenjum seier at ein ikkje kan vere så bastant for eller i mot ull, men heller prøve seg litt fram.
– Nokre ungar toler ull greitt og då ser eg ikkje poenget med å kutte det ut, mens andre ungar reagerer og då må ein velje noko anna.
Publisert 12.01.2025, kl. 16.37